Senioruniversitetet Os

Org.nr. 894 856 742.

Tlf: 468 29 353
Møtestad: Oseana kunst og kultursenter, Os

Semesterkort kr 300,-   Deltar gratis på møta.
Enkeltbillettar à kr 100,- kan kjøpast ved inngangen.

 
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Musikkterapi i Senioruniversitetet


Song og musikk stimulerer hjernen og held oss friske lenger. Det kan bøta på plagene ved demens og Parkinson. Nynn og spel for babyar. Lær barna songtekster. Og til dei som er godt vaksne: Det er aldri for seint å begynna å syngja og spela.

Dette er kort oppsummert bodskapen frå Geir Olve Skeie til dei 193 frammøtte i Os Senioruniversitet sist måndag. Tittel på foredraget hans var: Musikk og hjernen - kan musikk lindra helseplager? Han innleia med å spela «Velkomne med æra» av sambygdingen Geirr Tveitt. 
Geir Olve Skeie er professor II ved Griegakademiet i Bergen og overlege ved Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.

Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tradisjonen tro vert det arrangert julelunsj i restauranten i Oseana i desember for Senioruniversitetet. Dag og tid: måndag 3. desember ca. kl 12.30, etter foredraget denne dagen.
Det er påmelding til lunsjen. Frist er 20. november.
Det vert servert koldt-tallerken, kake og kaffi.

Det vert og litt underhaldning

Prisen er kr. 350,- for dei med semesterkort og kr. 450,- for andre.

Du kan kjøpe billett på møtet 12. november eller melde deg på ved innbetaling til bankkonto nr. 1503 61 84970 eller Vipps 93867.  Oppgi namn! 

Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Grethe Paulsen Vie:

Dei båtreisande– Romanifolket som reiste sjøvegen

Det kunne høyrast på reaksjonane og kommentarane blant dei 220 frammøtte på Senioruniversitetet i Os denne måndagen at mange hadde minne frå møte med splintar gjennom oppveksten, både i Os og andre stader. Møte som var spennande, men og litt skremmande.  Foredragshaldar Grethe Paulsen Vie kalla fram mange av desse minna, og ga og forsamlinga eit oversyn over historia til dei reisande og korleis dei levde.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 15th. Designet av Ornell data