onsdag, 27 februar 2013 14:03

Førsteamanuensis Rasmus Sunde og utvandringa til Amerika.

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

Førsteamanuensis Rasmus Sunde og utvandringa til Amerika

Rasmus Sunde er historikar og spesialist på utvandringa til Amerika. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Tysdag 26. februar føreleste han om emnet ved Senioruniversitetet i Nordhordland. Han la hovudvekta på årsakene til dei tre store utvandringsbølgjene.

Dei tre utvandringstoppane

Utvandringa frå Noreg til Amerika gjekk føre seg i perioden 1825-1930. Fram til 1836 var utvandringa moderat og dominert av religiøse og politiske minoritetar som kvekarar og haugianarar. Motivet for masseutvandringa var svært samansett: Fattigdom, undertrykking, klassedeling, overbefolkning og næringsmessige reguleringar i Noreg forutan eventyrlyst og rykte om billeg jordbruksland i Amerika. Folketeljinga frå 1801 synte at folketalet i Noreg var om lag 880.000. Når då 850.000 kvinner og menn utvandra seier det litt om dimensjonane. Utvandringa hadde tre klare toppar: Andre halvdel av 1860-talet, tidleg på 1880-talet, og til slutt i åra rundt 1905. I 1882 utvandra nesten 29 000. Ei siste, mindre bølgje fann stad frå 1923 til 1929.

Blodtapping av landet”
Biskop Neumann i Bergen åtvara mot utvandringa, og kalla den for ei ”blodtapping” av landet. Åtvaringa hans førde til ein mellombels nedgong i talet på utvandrarar. Den første store utvandringsbylgja tok til på 1860-talet.Då informasjonen om borgarkrigen i Amerika og det store indianaropprøret nådde Noreg førde det til eit avbrot i utvandringa. Men då informasjonen om fred i Amerika nådde fram i 1866 kom den første utvandringsstoppen. Men på 1930-talet minka utvandringa sterkt. Depresjonen i Amerika var på det sterkaste, og det var mest umogeleg å få seg arbeid. På 1950-60 talet var det heilt slutt. Då fekk vi ”dei gyldne 60-åra” i Noreg.
Professor Sunde krydra førelesinga med detaljar, anekdotar og gode historier. Eit engasjerande føredrag, der han sette seg føre å gje ei analyse av årsak og verknad av utvandringa. Det lukkast han med.

 

Austmarka 27. februar 2013

For SUN

Egil Olsvold

 

 

 

 

 

Lest 7503 ganger Sist redigert torsdag, 28 februar 2013 19:59
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data