mandag, 11 juli 2011 20:23

TUR TIL MODALEN

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

MODALEN OG OLAV NYGARD

Tysdag 31. mai var sett av som turdag for medlemane i Senioruniversitetet i Nordhordland.
Turen gjekk til Modalen. Eit stykke oppe i dalen, i nærleiken av heimstaden til Olav Nygard, fekk dei 35 deltakarane ei fin innføring i diktaren sitt liv og virke. Gunnhild Steinsland hadde samla historier og anekdotar frå 1700 talet og framover om diktaren si slekt og omgangskrets. Nygard var fødd 10. juli 1884, og døydde 11. februar 1942. Han rakk å gje ut 4 diktsamlingar: Flodmaal kom i 1913, Runemaal i 1914, Kvede i 1915 og Ved Vebande i 1923.

Song høyrer og med. Kultursjef Leif Egil Vatnøy akkompagnerte Olav Nygard sitt dikt ”Mitt rike” til tonane frå ”No ser eg atter slike fjell….”

Det vart og tid til ei lita synfaring i Mo sentrum, og god middag på kafeen hjå det islandske ekteparet.

På heimreisa gjorde følgjet ein kort stopp ved Mostraumen. Jon Hope hadde ei kort orientering om Straumen si historie frå storflaumen på 1700-talet, då flaumvatnet sprengde veg for sjøen, og fram til dags dato.

Turdeltakarane ser fram til neste tur som går til Austevoll.

Egil Olsvold
--skrivar-

Lest 4104 ganger
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data