mandag, 11 juli 2011 16:02

Vedtekter

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)
 
VEDTEKTER
 
 
 
(reviderte vedtekter godkjent på årsmøte 27. 01. 2009)
 
 
 
§ 1   Føremål
 
Senioruniversitetet i Nordhordland er ein sjølvstendig ideell samanslutning basert på individuelt medlemskap. Gjennom foredrag, kurs-og gruppeverksemd ønskjer medlemane å setja seg inn i utvalde fag og emne - utan å sikta mot formell kompetanse.
 
 
 
§ 2   Medlemskap
 
Medlemskap er ope for alle og føreset at det vert betalt semesteravgift fastsett av årsmøtet.
 
 
 
§ 3   Styret
 
Styret er samansett av leiar og 5 styremedlemer valde av årsmøtet. I tillegg vel årsmøtet
 
3 varamedlemer til styret, 1., 2. og 3. varamedlem. Leiar vert vald ved særskilt val for 1 år om gongen. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, slik at to  er på val eitt år, tre på val neste år.
 
Det skal førast styreprotokoll. Styret har avgjerdsmynde når minst 4 styremedlemer er til stades. Senioruniversitetet i Nordhordland vert forplikta ved underskrift av styreleiar og
 
ein av styret, eller to medlemar frå styret.
 
 
 
§ 4   Årsmøtet
 
Årsmøtet er øvste organ i Senioruniversitetet i Nordhordland. Det skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av februar. Innkalling til årsmøtet skal gjerast kjent ved særskilt innkalling minst 2 veker før årsmøtet. Frå same tidspunkt skal dagsorden og sakspapir gjerast tilgjengelege for medlemene. Årsmøtet skal handsama årsmelding og revidert rekneskap frå førre år, vedta semesteravgift og budsjett for inneverande år, velja styre, revisor og valkomite på 3 medlemer og handsama andre saker lagt fram av styret.
 
Valkomite vert vald for 1 år og revisor vert vald for 1 år. Ved fleire forslag skal det vera skriftleg avstemming. Ved like mange stemmer skal ein ha loddtrekking.
 
Medlemmer som vil ha saker handsama av årsmøtet, må fremja desse for styret innan 15.desember fg.år. Årsmøtet har avgjerdsmynde når minst 10 % av medlemmene er til stades.
 
Valkomiteen si innstilling må liggja føre seinast 10.januar. Forslag til valkomiteen må fremjast innan 15.desember.  Ekstraordinært årsmøte kan samankallast med 3 vekers
 
varsel av styret, eller når minst 10 % av medlemmene set fram skriftleg krav om det.
 
Ekstraordinært årsmøte vert gjort kjent på same måte som ordinært årsmøte.
 
 
 
§ 5    Vedtektsendringar
 
Vedtekstsendringar krev 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte medlemmene.
 
 
 
§ 6    Oppløysing
 
På ordinært eller ekstraordinært årsmøte kan det med 2/3 fleirtal gjerast vedtak om at Senioruniversitetet i Nordhordland skal løysast opp.
 
Samtidig skal det avgjerast korleis eventuelle midlar skal disponerast.
 
 
 
 
 
Lest 3585 ganger Sist redigert fredag, 05 mai 2017 20:21
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 21st. Designet av Ornell data