fredag, 11 august 2017 16:22

29. august 2017

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Flyhistorie frå Nordhordland.

 

I år er det 100 år sidan Forsvarsdepartementet gjorde vedtak om at det skulle etablerast ein militær sjøflyhamn på Flatøy. Ein periode var Flatøy hovudbase for Forsvaret sine sjøflyaktiviteter på Vestlandet. 29. august kjem tidlegare rådmann i Meland, Helge Thorsen til Senioruniversitetet og fortel om luftfartshistoria i frå Nordhordland.

 Flatøy sjøflyhavn

(Bilete er utlånt frå Helge Thorsen) 

Helge Thorsen sit på mykje dokumentasjon frå denne tida, som er borte frå dei offisielle arkiva.  I 1920  etablerte næringsdrivande i Bergen eit nytt flyselskap med base på Flatøy. Dei etablerte den første kommersielle flyruta i Noreg. Den gjekk mellom Flatøy, Bergen, Haugesund og Stavanger. Den kjende fly-pioneren Hjalmar Riiser Larsen var stasjonssjefen på Flatøy i denne tida. Denne ruta varte berre ei kort tid. I 1946 tok flygaren Thor Solberg over anlegget på Flatøy og dreiv flyskule og monteringsverkstad, hadde ambulanseoppdrag og dreiv med passasjer- og varetransport. Han ga opp aktivitetane i 1948.

 

 

Lest 162 ganger Sist redigert onsdag, 30 august 2017 14:24
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 19th. Designet av Ornell data