lørdag, 11 februar 2017 14:54

2017-01-31. Berekraftig utvikling

Skrevet av Egil Olsvold
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

EI USIKKER FRAMTID?

Nordhordland har unike ressursar. Natur som strekk seg frå hav til fjell. Byggverk og tradisjonar skapt av tidlegare generasjonar. Biosfære-prosjektet tar med det beste frå fortida og frå dagen i dag for å bygge ein trygg framtid for oss alle.”

Tysdag 31. januar inviterte SUN (Senior Universitetet i Nordhordland) professor emeritus Peter Emil Kaland, koordinator for Universitetet i Bergen, og Kari Evensen Natland, prosjektleiar i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, til foredrag/informasjon om Biosfæreprosjektet i Nordhordland.

Biosfæren handlar om alt liv på jorda, i vatn, på land og i lufta – alt som skal til for at vi menneskje skal lever og utvikle oss. Men vi gå ein usikker framtid i møte. Befolkningstilvekst, klimaendringar, politisk uro og pandemiar krev handling. Biosfæreprogrammet er eit av FN sine viktigaste reiskap for å møte desse utfordringane ved å få til ein berekraftig utvikling.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er ei samfunnsutvikling som imøtekjem notida sitt forbruksbehov uten å forringe muligheitene for komande generasjoner til å få dekka sine. Begrepet vart allment kjent etter Brundtlandkommisjonen i 1987. Begrepet vert ofte brukt av politikarar og miljøbevegelsar for å begrunne at fattigdomsproblemer og miljøproblem må sjåast i samanheng, og for å argumentere for at kortsiktige økonomiske hensyn må vike plassen for langsiktige miljøhensyn.

(Publisert 29. august 2016 av Kjersti Isdal)

UNESCO sitt Man and the Biosphere Program (MAB) vart lansert i 1971, og har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. Programmet bygger på såkalla biosfære-område der ein legg til rette for ein berekraftig utvikling. Programmet fører ikkje til meir vern av nye områder, men er ein reiskap for lokalbefolkning, beslutningstakarar, næringsliv og forskingsmiljø for saman å jobbe for ei berekraftig utvikling og miljøvenlege løysingar.

.

I dag finst det 669 biosfære-område i 120 land. Men Noreg har ingen område med MAB-status.Nordhordland kan bli det første. 

Det har vore jobba med biosfæreprosjektet sidan 2014. På slutten av 2016 fekk biosfæreprosjektet godkjenning frå Miljødirektoratet om at Nordhordland Biosfæreområde er ein offisiell kandidat til programmet. Det betyr at Noreg vil støtte søknaden til UNESCO. Viss prosjektet lukkast, kan det nye biosfæreområdet opnast i 2019.

Biosfæreprosjektet i Nordhordland

Prosjektet har lagt vekt på at det skal fremme utvikling i regionen på alle områder – økonomisk, kulturelt og sosialt. Men det bygger på dei grunnleggjande føresetnadene som UNESCO har satt opp for alle biosfæreområder. Dei skal:

*ha fokus på bærekraftig bruk av naturressursane med omsyn på komande generasjonar

*redusere tap av ikkje fornybare ressursar og biologisk mangfald

*tilpasse dei sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøva og utvikle desse på ein god måte

Der er og viktig at eit biosfæreområde er representativ for ein region slik at det som skjer innanfor biosfæreområdet kan få betyding også utanfor. Dei tiltaka som vert testa ut i Nordhordland skal og kunne nyttast i resten av Noreg. 

Kvifor i Nordhordland?

Det et ikkje tilfeldig at Nordhordland er valt ut som Noreg sitt første biosfæreområde. Her er rike ressursar og sterk kultur.

*Regionen har eit landskap med skjerma kyst av ein brei øygard, fjordar og høge fjell. Ein sterk klimatisk og økologisk gradient frå hav til fjellområde.

*Dette har lagt grunnlag for økonomien i regionen. Noreg er verdas 6. største produsent av elektrisk energi frå vatn kraft – og størst i Europa. Det er kysten som tek imot størsteparten av nedbøren i landet. Nordhordland er i ein særstilling. 

*Vest Noreg har store ressursar av pelagisk fisk og er den største havbruksprodusenten i Europa.

*Regionen er ein stor produsent av olje og gass.

*Regionen har sterk kultur med levekraftige tradisjonar.

Regional forankring

Prosjektet er eit samarbeid mellom Regionrådet i Nordhordland og Universitetet i Bergen og har god regional forankring. Alle kommunane i regionen støtter prosjektet og fleire ordførarar deltek direkte.

No jobbast det med hovudsøknaden til UNESCO. Planen at søknaden er klar til handsaming i alle kommunestyra i september 2017. Det er regjeringa som sender han vidare til UNESCO. 

Professor emeritus Peter Emil Kaland, koordinator for Universitetet i Bergen, og Kari Evensen Natland, prosjektleiar i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, er optimistiske og ser fram til å opne Noreg sitt første biosfæreområde i Nordhordland hausten 2019.

For SUN

Egil Olsvold

Lest 1145 ganger Sist redigert lørdag, 11 februar 2017 15:40
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data