tirsdag, 06 desember 2016 20:30

Førehandsomtale til foredraget den 13. desember 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Vetane («vardane») på Vestlandet, særleg i Nordhordland. Ein kulturhistorisk og geografisk gjennomgang Ved professor Johan Myking.

 

Johan Myking skriv om dette temaet:

Håkon den gode har fått æra for å ha skapt systemet med varslingsvetar på haugar og

Fjelltoppar for å varsla ufred. Ein av dei vetane som er kjende frå sagalitteraturen, låg på

Håøy. Dette systemet var i funksjon fram til ufredsåra rund 1807. Det er rekna ut at det fanst

rundt 800 vetestader i heile landet, men i dag er det berre rundt ein firedel av desse som har

vete- i namnet. Dei er spreidde frå Tromsø i nord til Dronning Maud Land i sør. Det finst

sparsamt med kjelder om dei, men dei utgjer eit gigantisk kulturminne som er alt for lite kjent.

Dei rundt 20 vetane i Nordhordland er ein vikig del av dette kulturminnet.

 

Johan Myking er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen og medlem i

Nordhordland Turlag. Begge delar er viktige årsaker til at han har interessert seg for dette

Temaet.

Lest 836 ganger Sist redigert lørdag, 06 mai 2017 23:57
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 26th. Designet av Ornell data