onsdag, 31 august 2016 16:51

PROGRAM FOR HAUSTSEMESTERET 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Tid og stad:

Alle forelesingane startar til vanleg kl. 12.00 og varer til ca kl. 14.00, medrekna kaffiøkt.
Møtestaden er Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim.

30. august
Frå den kulturelle spaserstokken:
Ein gamaldags skuletime bibelsoge, historie, norsk, naturfag og rekning på gamlemåten.
Rune Alver og Eilif Løtveit.

27. september
Historien bak middelalderromanen frå Lygra og Bryggen i Bjørgvin.
Forfattar Ingeborg Askeland.

25. oktober
Grøn økonomi. Eit tema om framtida sine utfordringar og høve til å gjera noko for miljøet.
Seniorrådgjevar i Hordaland Fylkeskommune Per Hjalmar Svae.

29. november
Hauge Aqua og oppdrettsegget.
Veterinær og grunder Cato Lyngøy.

13. desember
Vetane (vardane) på Vestlandet. Ein historisk og geografisk gjennomgang.
Professor Johan Myking

Sjå annonse i lokalavisene for nærare informasjon.

Styret oppmodar alle seniorar om å bli medlem i Senioruniversitetet i Nordhordland.
Ta kontakt med kasserar.

Semesteravgift: kr. 200 (med atterhald om evt. endring på årsmøtet)

Inngangspengar: kr. 80 pr. møte for ikkje-medlemer,
gratis for medlemer

Senioruniversitet i Nordhordland har sidan starten i 2005 hatt om lag 100
forelesingar/arrangement. Vanlegvis er det 5 forelesingar i semesteret.

Forelesingane er som regel lagt til siste tysdag i månaden kl. 12.00 - 14.00.

Etter kaffiøkta etter forelesinga blir det høve til spørsmål, ideutveksling og drøfting.

Arrangementa er til vanleg på Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim, om

ikkje anna er nemnt.

Lest 1831 ganger Sist redigert søndag, 07 mai 2017 00:00
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 20th. Designet av Ornell data