onsdag, 31 august 2016 16:42

GODE SKULEMINNE FRÅ GAMLE DAGAR

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Ein gamaldags skuletime

DSC 0216

 

 

 

 

 

 

 

 


Når vi talar om skulen i  ”gamle dagar”, så meiner vi 1950-60 åra.
Rune Alver og Eilif B. Løtveit hadde komponert eit program med gode historier, mykje song og musikk. Opplevingane, og minna frå skuledagane, delte dei med medlemane i Senioruniversitetet i Nordhordland tysdag 30. august.
Eg trur nok at skuledagen i 50-60 åra var meir fylt  song og musikk. Ein høveleg salme innleia mest alltid fyrste timen. Ja, det vart sunge i mest  alle timar, og sjølvsagt vart skuledagen avslutta med  song og. Det var og tida med ”poteferie”, ny teljemåte, formskrift og skogplanting.  Og dei to opna skuledagen friskt med ”Vi vandrer med freidig mot”.
Hugsereglene frå ”Landkunna” vart ein og minna  på, og fleire hugsa nok dei 5 største fjordane i Finnmark når Løtveit ramsa opp: Alle Piker Løper Til Vinduet.
Eilif Løtveit og Rune Alver kan kunsten å formidle, engasjere og inspirere.

For SUN

Egil Olsvold

Lest 1634 ganger Sist redigert søndag, 07 mai 2017 00:02
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 20th. Designet av Ornell data