fredag, 13 mai 2016 09:33

Innvitsjon: Studietur til Osterøy tirsdag 31. mai 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Studietur til Osterøy tirsdag 31. mai 2016

Senioruniversitetet arrangerer studietur tirsdag 31. mai, og i år går turen til Osterøy.  Der er det spesielt Hamre kyrkje, Huset til Ole Bull og gamle Herlandsfossen kraftstasjon som vil få fokus, men vi vil også få kjennskap til mange andre bygder og stadar i denne øykommunen.  Ordføraren vil møta oss og gje ei orientering om kommunen, og i opplegget er det inkludert ein varm lunsj på Osterøykroa i Lonevåg.  Det vert også lettare servering undervegs.

Rammeprogram:

Kl 0930:         Avreise Knarvik, Skysstasjonen

Kl 1000:         Ferje frå Breistein

Kl 1030:         Ankomst Hamre kyrkje, - orientering/omvisning

Kl 1130:         Avreise Hamre kyrkje, etter ein kopp kaffi og noko å bita i

Kl 1200:         Ankomst Bullahuset, - orientering/omvisning

Kl 1300:         Avreise Bullahuset

Kl 1315:         Ankomst Osterøykroa i Lonevåg, - varm lunsj

Kl 1415:         Avreise Lonevåg via Hosanger til Fotlandsvåg

Kl 1500:         Ankomst Herlandsfossen, - omvisning

Kl 1545:         Avreise Herlandsfossen via Osterøybrua til Knarvik

Kl 1700:         Ankomst Knarvik

 

 

Pris pr person kr 500,- inkl. varm lunsj.  Betalinga vert kravd inn på bussen. 

 

Til lunsj vert det servert kjøtkaker med tilbehøyr og ein kopp kaffi/te

 

Påmelding (pr e-post, SMS eller telefon) seinast 15. mai til:

Hanna Sundal,         e-post  hanna.sundal@bkkfiber.no      mobil  991 67 025

Roar Ektvedt,          e-post  roar.ektvedt@gmail.com          mobil  414 41 190  

Håkon Matre,          e-post  haakon@hmatre.no                   mobil  414 66 469

 

Styret ønskjer alle vel møtt!

 

Osterøy er ei delvis skogkledd øy på omlag 328 km².  Øya er ei av Nord-Europas største innlandsøyer, omgitt av fastland på alle kantar og med berre eitt utspring frå fjordsystemet der Sørfjorden og Osterfjorden møtest.  253 km2 av øya høyrer til Osterøy kommune, medan resten høyrer til nabokommunen Vaksdal.  Pr. 01.01.16 har Osterøy kommune 7957 innbyggjarar.


Navnet Osterøy er omstridd, men det betyr kanskje den høge eller den store/største øya. Det høgaste fjellet er Høgefjell som strekkjer seg 869 m.o.h.  Rådhuset på Osterøy ligger i Lonevåg.  Andre tettstader er Hosanger, Fotlandsvåg, Tysse, Haus, Valestrandsfossen og Hamre.  Osterfjorden, som går mellom Lindås og Osterøy, er 27 km lang, 1-3 km brei og opptil 639 m djup.  Næringsgrunnlaget på Osterøy er jord-, skogbruk og eit mangfald av småindustri.

Fredag 3. oktober 1997 var ein merkedag då Osterøybrua vart opna av samferdselsminister Sissel Rønbeck.  Brua vart bygd på Kvisti sør på øya, og ho går over til Herland i Bergen kommune. 

 

Osterøy ligg 30 til 45 minuttar med bil frå Bergen sentrum. Enten kan ein kjøre til Indre Arna, gjennom Arnanipatunnelen på veg til Voss og krysse brua til Osterøy.  Det andre alternativet er å kjøre frå Bergen sentrum gjennom Åsane t

Lest 2528 ganger Sist redigert mandag, 16 mai 2016 17:34
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data