torsdag, 19 november 2015 20:41

2015-11-24 Strilekrigen i Senioruniversitetet

Skrevet av Roar Ektvedt
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Strilekrigen i Senioruniversitetet

 

Den 18. april 2015 var det 250 år sidan Strilekrigen i Bergen. 

Då gjekk over 2000 rasande
strilebønder til åtak på øvrigheita i byen. For ein kort periode var samfunnet snudd på hovudet.

Kongens embetsmenn vart behandla som tjuvpakk, og flokkar med fattige strilar gjorde som dei ville.

Korleis kunne dette skje?  Historikaren Kenneth Bratland vil kasta lys over desse hendingane i sitt foredrag i Senioruniversitetet, på Knarvik Sjukeheim tysdag den 24. november.

 

Historikaren Kenneth Bratland arbeider ved Statsarkivet i Bergen. Han er mellom anna engasjert i historia til Nordhordlandsregionen. Då vert både Åsane og Osterøy rekna med. Åsane Historielag er sentralt i dette arbeidet.

 

 

17. november 2015

Roar Ektvedt

Lest 1656 ganger Sist redigert torsdag, 19 november 2015 20:58
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 26th. Designet av Ornell data