fredag, 13 november 2015 13:04

ELDRE, HUMOR OG HELSE

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Humor i kvardagen er viktig! Ein kan gjerne le av det som er gale og! 

Senioruniversitetet i Nordhordland fekk Jan Spurkeland til å kåsere kring dette vidfemnandetemaet på samlinga sist i oktober. Frammøtet var sers godt, og låtten sat laust.
Det er forska mykje på humor som fenomen. Men det er tydelege prov på at det gjev positive utslag på helsa. Kan ein god latter erstatte ein vaksine mot influensa? Førelesaren letspørsmålet stå ope for vurdering, men let det skine tydeleg gjennom at svaret er ja!. Det beste du kan gjere er å le deg ut av senga! 
–Men ein må skilje mellom den kalde og den varme humoren. Den varme er ”blott til lyst”, medan den kalde står for sarkasme og ironi. Diverre er den ”kalde” på frammarsj, serskilt i media. 
Om leiing og humor hadde førelesaren og interessante synspunkt. Kanskje burde vi alle forplikte oss til å vere i godt humør når ein møter på jobb? 
I alle høve vert ein smitta av godt humør. 
Ei sers triveleg og humørfull stund.

 

 

Austmarka 13. november 2015 

For SUN

Egil Olsvold

Lest 2926 ganger Sist redigert fredag, 13 november 2015 14:17
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 21st. Designet av Ornell data