mandag, 27 april 2015 21:46

Tur til Askøy.

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Studietur til Askøy tirsdag 26. mai 2015

Senioruniversitetet arrangerer studietur tirsdag 26. mai, og i år går turen til Askøy. Der er det spesielt Strusshamn og Herdla som vil vera i fokus, men vi vil også få kjennskap til - og synfara - mange andre bygder og stadar i denne øykommunen, - den nest største i Hordaland. I opplegget er det inkludert ein varm lunsj på Herdla, og det vert også lettare servering undervegs.

Rammeprogram:

Kl 0930: Avreise med buss frå Skysstasjonen i Knarvik

Kl 1030: Omvising i Strusshamn – historisk industristad

Kl 1130: Avreise Strusshamn

Kl 1145: Ankomst Horsøy, - kort stopp med orientering

Kl 1300: Ankomst Herdla, varm lunsj på «Biologen»

Kl 1345: Omvising Herdla museum/Herdla fort

Kl 1500: Avreise frå Herdla

Kl 1630: Retur til Knarvik


 

Pris pr person kr 500,- inkl. varm lunsj. Betalinga vert kravd inn på bussen.

Til lunsj kan vi velja mellom:

  • Fiskesuppe med nybakt urtebrød, eller

  • Svinenakke med amandinepoteter, rotgrønsaker og krema svinesjy


 

Påmelding (pr e-post, SMS eller telefon) seinast 12. mai til:

Hanna Sundal, e-post hanna.sundal@bkkfiber.no , mobil 991 67 025

Roar Ektvedt, e-post roar.ektvedt@gmail.com , mobil 414 41 190

Håkon Matre, e-post haakon@hmatre.no, mobil 414 66 469


 

NB! Hugs å oppgje kva du/de ønskjer til lunsj!

Styret ønskjer alle vel møtt!

 

Lest 2495 ganger Sist redigert mandag, 27 april 2015 22:09
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 26th. Designet av Ornell data