fredag, 27 mars 2015 20:13

2015-03-24., Om foredraget "Det tyske overfallet på Bergen 9. april 1940"

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

ANGREPET PÅ BERGEN 9. APRIL 1940

Kvifor greidde ikkje det norske forsvaret å stoppe angriparane?

Dette spørsmålet hadde major Sven-Erik Grieg-Smith sett seg føre å finne mogelege og gode svar på.
Senioruniversitetet i Nordhordland hadde invitert historikaren og offiseren til å halde foredrag om emnet tysdag 24. mars.
”Historieløsheten er noe av det farligste vi møter i dagens samfunn”, hevda han. Difor ønskte han å gje så mange svar som mogeleg på kvifor det gjekk som det gjorde ved krigsutbrotet som fann stad for snart 75 år sidan. Og han gav tilhøyrarane ei analyse hendingane. Dei tyske planane var grunna på overraskingsmomentet. Troppane var dårleg trena og utdanna. Likevel tok dei Bergen og Nordhordland på nokre få timar, med 1900 soldatar. Han hevda og ”det var ein kulturskilnad på korleis den norske og tyske overkommando tenkte!”
Eit anna spørsmål han søkte å gje svar på var  ”Kva gjorde at folk møtte til mobilisering i 1940?”.  Og omgrepet  ”motstand” dekkjer så mykje meir enn våpenbruk. Det er mogeleg nokre av svara låg ”i tida”. ”Vi hadde nokre samfunnsautoritetar som ikkje finst lenger. Folk stod for noko!”

 

 

Austmarka 27. mars 2015

For SUN

Egil Olsvold

Lest 3308 ganger
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data