fredag, 27 februar 2015 23:13

2015-02-24. HELSE OG OMSORG I FJELL KOMMUNE

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

HELSE OG OMSORG I FJELL KOMMUNE

Senioruniversitetet i Nordhordland inviterte rådmann i Fjell kommune, Svein Fjelland, til den månadlege samlinga på sjukeheimen i Knarvik tysdag 24. februar.
Temaet var: Framtid i Fjell. Helse og omsorg.

Problemstillinga han skisserte var følgjande: Korleis vert omsorg- og helsetenesta for oss gamle? Kva ligg rundt neste sving?

Ut frå denne problemstillinga skisserte han følgjande målsetjing: 
*Eit tilpassa og variert tilbod, med litt meir ”skreddarsaum”.
*Setje helsetenesta betre i stand til å førebygge mot helseplager.
*Satse på rehabilitering, 
og  med ein visjon om å gjere dei eldre mest mogeleg sjølvstendige
Når prognosane viser at talet på eldre, 80+, vert dobla fram mor år 2025 så er utfordringane store. Når så den ”nye” generasjonen eldre er annleis, med
-betre helse enn før
-betre økonomi og
-dei vil bestemme meir sjølve
så må dette takast med i planane. Fjell kommune har difor satsa på samlokalisering, og har hausta gode røynsler med det. Serskilt interessant var det å få høyre om deira tilbod JordmorHeim. Etter fødselen på KK får kvinne og barn lokal oppfølging i kommunen, etter 1-1,5 dagar på klinikken. Over 80% av kvinnene nyttar seg av tilbodet. Grunnsynet er at friske kvinner ikkje skal konkurrere om plassar på sjukehuset.
Svein Fjellanger skisserte eit sert interessant tilbod for helsetenesta i fjell kommune, og runda av med eit ønske for dei eldre om å få vere ”Sjef i eige liv!”

 

 

For SUN

Austmarka 27. februar 2015

Egil Olsvold

 
Lest 3124 ganger
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 21st. Designet av Ornell data