mandag, 16 februar 2015 18:16

2015-02-24 Framtidas helse- og omsorgstenester – sjef i eige liv

Skrevet av Roar Ektvedt
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Framtidas helse- og omsorgstenester – sjef i eige liv

 

Med dette temaet vil spesialrådgjevar Svein Fjelland koma til Senioruniversitetet i Nordhordland den 24. februar 2015.

Dette temaet er aktuelt både for oss seniorar så vel som den yngre garde; korleis vil helse- og omsorgstenestene verta i framtida ?

Vest for Sotra-brua ligg strilekommunen Fjell. Der har dei over fleire år bygd opp ein helselandsby med varierte tilbod. Dei som brukar desse tenestene er fulle av lovord anten dei vert drifta kommunalt, interkommunalt eller av Helse Bergen. Neste steg i denne utviklinga er mellom anna at eldre skal få vera meir sjef i eigne liv, bu lengre i eigen heim, få rask helse- og omsorgs-hjelp i helselandsbyen og hjelp av familie, venner, frivillige og private firma når det gjeld andre behov.

 

Svein Fjelland har vore ein av drivkreftene bak denne utviklinga. Han er siviløkonom fra NHH og har lang fartstid i helse- og omsorgstenester. Fire år som helseplanleggjar i Afrika, 5 år som fylkeshelsesjef i Hordaland og 13 år rådmann i Fjell.

 

Vel møtt i Senioruniversitetet

 

Roar Ektvedt

 

 

 

 

 

 

 

Lest 1873 ganger Sist redigert mandag, 16 februar 2015 18:25
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 20th. Designet av Ornell data