torsdag, 27 februar 2014 11:40

STRANDFLATE OG DJUPE FJORDAR I NORDHORDLAND

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Geomorfologi er vitskapen om landformer og prosessane som dannar dei. Geomorfologien søkjer å forstå kvifor landskapet ser ut som det gjer, forstå landformene si historie og bevegelse, og sjå føre seg framtidige endringar gjennom ein kombinasjon av feltobservasjonar, fysiske eksperiment og numerisk matematisk modellering.

Dette var tema for professor Inge Aarseth sitt foredrag på Senioruniversitetet sist tysdag, med vekt på djupe fjordar og strandflater i Nordhordland. Tilhøyrarane fekk ei sers interessant førelesning om kvifor Nordhordland ser ut som det gjer i dag, etter siste istid som var over for om lag 11500 år sidan. Det var og interessant å få vite at Golfstraumen, som er avgjerande for vårt milde klima, tok ein tur innom Portugal rett etter istida, men kom attende på sitt rette spor.
Tsunami
Noreg vart og ramma av ein mektig tsunami for om lag 8000 år sidan, etter det store raset på Storegga.

Den vesle istida
på 1700 talet sette og sine spor etter seg i Modalen. Etter storflaumen i Modalsvassdraget i 1743 var morenen som demde opp for Modalsvatnet vaska vekk, og fjorden strekte seg lenger innover slik vi kjenner den i dag.

Neste istid?
Variasjonen i jorda si bane om sola kan tolkast slik at neste nedising burde begynne om 30 000 år. Men det er i alle høve lenge til.
Eit sers interessant foredrag.

 

 

Austmarka 26. februar 2014

For SUN

Egil Olsvold

Lest 3942 ganger
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 12th. Designet av Ornell data