Sigmund Spjelkavik

Sigmund Spjelkavik

Kvinnherad Senioruniversitet - Program haust 2018

Kvinnherad Senioruniversitet har programmet klart til hausten. Fire nye foredragshaldare har sagt ja til å koma til Kvinnherad. Vi kan no gle oss til å få høyre Dag Sigurd Gregersen, Asbjørn Kristoffersen, Jørn Øyrehagen Sunde og Johanne Øvstebø Tveten i fire framifrå foredrag fram til jul.

Møta er som vanleg opne for alle, men som medlem i Senioruniversitet slepp du billegare inn på arrangementa. Medlemmer betaler kr. 100,- mot kr. 150,- for ikkjemedlemmer. Møta starter kl. 11:00 og kan vare eit par timar til saman med kaffe, noko å bite i og ein god drøs.

Senioruniversitetet vekslar mellom Rosendal og Husnes som møtestad. På Husnes er møta i Kulturhuset og i Rosendal nyttar vi samfunnshuset. Det siste møtet like før jul kan bli halden på Rosendal Fjordhotell.

 

 

13. september, Husnes

Dag Sigurd Gregersen: Nyttige nettstadar på internett for kvar og ein

Digipost (post frå fleire og fleire private og offentlege avsendarar)

Helsenorge (all informasjon om eiga helse, legetimer, resept)

Altinn (den norske felles internettportal for å levere elektroniske skjemaer til offentlege myndigheiter)

Vipps (sende pengar, betale i butikk) Nettbank (betaling og kontroll på konto)

E-post (kommunikasjon)

Tryggleik (små tips)

Dag Sigurd Gregersen har i dag ei undervisningsstilling ved Kvinnherad vidaregåande skule.

 

11. oktober, Rosendal

Asbjørn Kristoffersen: Egoistiske gamlinger

Skal vi nøye oss med å vera glade til for at vi er så gamle som vi er?

No kjem digitaliseringa og robotiseringa og kunstig intelligens. På kjøpet har vi fått klimakrise og flyktningekaos. Vi bør ikkje tenke oss at etter oss kjem syndfloda.

Asbjørn Kristoffersen (f. 1947) har vore journalist i Bergens Tidende sidan 1974. Han har skrive fleire reportasjebøker, og fekk i 2015 Gullparaplyens heiderspris, som blir utdelt av Bergen Journalistlag for å fremje god journalistikk i alle sjangrar.

I omtala av boka «Gamlingar løner seg ikkje» skriv Tanum:

Gjennom mange år som petitskribent i Bergens Tidende har Asbjørn Kristoffersen på sitt surmaga vis vore dei eldre si stemme i samfunnet. Ingen er spart når Kristoffersen kvesser pennen, og det tematiske spennet strekker seg frå digitalisering av dei eldre, til fotballklubben Brann, moderne design og helsepolitikk. Tekstane hans er kvasse, ofte rammande, men alltid poengterte. Stilistisk står Kristoffersen i den vestlandskfandenske tradisjonen til Einar Førde og Erling Lægreid. Han er ein av ytterst få nolevande journalistar som dyrkar det nynorske tvisynet i arven etter Aasmund Olavsson Vinje.

 

 

8. november, Husnes

Jørn Øyrehagen Sunde Landslova av 1274

Dette er ein førebels tittel og eit mogleg tema. Jørn Øyrehagen Sunde kan halde foredrag om det meste, og andre moglege tema er: «demokratiet si framtid i Europa» eller «robotjuristen».

I samband med eit foredrag laurdag 09. juni i Agatunet skreiv Hardanger folkemuseum:

Landslova av 1274 er eit storverk i europeisk rettshistorie. Magnus Lagabøte ga i 1274 Noreg si fyrste landsdekkande lov, noko som styrka sentral myndigheit og kongemakt – og det er på denne tida ein for alvor byrjar nasjonsbygginga i Noreg. At kristne verdiar om ei lik minimumsrett for alle fann vegen inn i lovverket, gjer og at me kan seie at statsdanninga på Magnus Lagabøtes tid la grunnlaget for velferdsstaten slik me kjennar han i dag. Dette at verdiar og tankegods kring plikt til å beskytta dei svake vert framhaldne som ei juridisk fundert, felles plikt, er noko me i dag gjerne ser som ei sjølvfølgje, men det var beint ut revolusjonerande i høgmellom¬alderen. Me kom frå ei samfunns-struktur der omsorgsplikt var knytt til ætt, og idéar om den sterkastes rett rådde. Landslova av 1274 er eitt av de tidlegaste nasjonale lovverk ein kjenner i Europa, og gjev derfor Noreg ei helt spesiell plass i rettshistoria.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved juridisk fakultet ved Universitet i Bergen og leiar av Landslovprosjektet 2014-2024, og ein av våre fremste kapasitetar på rettshistorie.

 

13. desember, Rosendal

Johanne Øvstebø Tvedten: «Anna Gyria»

Torsdag 13. desember får du høyra om ei av Johannes Heggland sine mest kjende romankvinner, «Anna Gyria». Johannes Heggland sin romanserie «Brødet frå havet» er på fire bøker, og forteljetekst og framføring er ved Johanne Øvstebø Tvedten. Året er 1845, og staden er ei bygd ved sjøen i Sunnhordland der silda er ein viktig del av livsgrunnlaget. Til fisket kjem tilreisande karar frå andre bygder, og såleis får både Anna Gyria og mor hennar, som er enke, seg ein mann. Men livet snur snart der ute ved havet, og fører med seg både katastrofar og ny kjærleik.

Vi får fylgje Anna Gyria gjennom tjuefem år, i medgang og motgang, og vi får samtidig eit bilde av kyst-Noreg og livet til folket som budde her på midten av 1800-talet.

Johanne Øvstebø Tvedten er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum.

Som vanleg vert desembermøtet avslutta med ei servering som høver for årstida.

Her skulle føredraget til Botolv Helleland ha vore, men "systemet" vil ikkje ha fila!

SS

Namnelandskapet i Kvinnherad

Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til nytt ope møte i samfunnshuset  Rosendal 9. november, kl. 11:00.

Denne gonger er det stadnamngranskar Botolv Helleland som vil ta oss med på ei reise i namnelandskapet i Kvinnherad.

Helleland er pensjonert fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og arbeider framleis med stadnamn. Han er òg ein av statens namnekonsulentar. Han har gjeve ut fleire bøker og eit stort tal artiklar om stadnamn. Han var med å fylgja opp den store innsamlinga av lokale stadnamn i Kvinnherad på 1970-talet og frametter, noko som har gjeve Kvinnherad ei av dei største lokale stadnamnsamlinga i landet.

I foredraget vil han ta oss med på ei ferd gjennom namnelandskapet i Kvinnherad med særleg vekt på gardsnamn. Han vil òg gjera greie for typologi og tyding av dei viktigaste namneklassane. Foredraget vert illustrert med bilete frå Kvinnherad og grafisk framstilling av namnematerialet. Det vil vera høve til spørsmål og diskusjon.

Helleland har alltid vore oppteken av tilhøvet mellom menneske og natur, og av korleis dette tilhøvet speglar seg av i stadnamn. Stadnamna er ein språkleg overbygnad over landskapet som hjelper oss å finna fram. Dei fortel korleis menneska har funne seg til rette i naturen. Kvart stadnamn er eit vindauga mot den tida namnet vart til.

Botolv Helleland var og tidleg ute og kommenterte namneforslaget for den nye regionen i vest. Saman med Åse Wetås, direktør i Språkrådet, skreiv dei i ein kronikk i Aftenposten 31. mars i år at:

«Det vil oppstå ei uheldig dobbelttyding om Vestlandet både skal vera namn på eit nytt storfylke og på landsdelen som i dag går over fire fylke.»

Namnegransking (onomastikk) er studiet av korleis namn kjem til, og korleis dei fungerer i historisk og notidig kontekst, både som enkeltfenomen og system. I faget Namne­gransking undersøkjer ein kva namn tyder, kor gamle dei er, korleis dei vert brukte, og kva dei kan seia om samfunnet før og no.

Botolv Helleland voks opp i Ullensvang i Hardanger. Han tok hovudfag i 1970 ved Universitetet i Oslo med stadnamn på Hardangervidda som tema for hovudoppgåva.


Møta i Kvinnherad Senioruniversitet er ope for alle interesserte. Etter kvart føredrag eller kåseri vert det høve til kaffi og drøs i godt lag. Velkomen.

søndag, 05 november 2017 18:15

Kvinnherad Senioruniversitet, 2017:

 

Styret:      Kjell Borge Olsen, leiar (kjellolsen8@icloud.com

                Betty Støve                                       

                Sigmund Spjelkavik, (sspj33@gmail.com)

                Kari Leite Dahle                               

                Jorun Vevle                                       

Vara:        Kari Sandvik Røssland                   

                Audun Eik                          

                                 Steinar Haugan                 

mandag, 11 september 2017 20:35

Møteprogram haust 2017

Møteprogram haust 2017

14. september, Rosendal Samfunnshus

Kl. 11:00

Kikki Kleiven; havforskar

Klima og klimaendringer

Kikki Kleiven er klimaforsker og klimaformidler ansatt ved Bjerknessenteret, Universitetet i Bergen. Hennes fulle navn er Helga (Kikki) Flesche Kleiven og har ein doktograd i maringeologi.

Kvart år held ho mellom 30 og 60 populærvitskaplege føredrag, til alt frå elevar til politikarar på internasjonalt nivå.

8.mars 2017 fekk Kikki Kleiven Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling.

– Det tyder så enormt mykje, eg vart berre kjempeglad og stolt. Særleg over at det er mitt eige miljø som har nominert meg, seier Kleiven.

I grunngjevinga for prisen vert ho skildra slik:

”Vinneren av årets Meltzer-pris er kjent for å være en effektiv formidler som bruker en rekke ulike medier i sin formidling; TV, radio, aviser, blogger, kronikker, bøker og foredrag.  Kandidatens aktive profil på sosiale medier gjør at hun tjener som en foregangskvinne for hvordan disse plattformene kan brukes til faglig formidling.”

 

 

12. oktober, Husnes, Kulturskolesalen

Kl. 11:00

Sigmund Spjelkavik, biolog

Meir om Svalbard – notid og framtid

Svalbard har ein utruleg vakker og vill natur og ei fasinerande historie. Dette vil Spjelkavik fortelja meir om i føredraget på oktobersamlinga. Han har tidlegarere snakka mykje om historia til øygruppa, men vil denne gongen trekke linene fram til Svalbard i dag og sjå på kva framtida kan bringe. Forsking og turisme ser ut til å hovud­aktivitetane i dag medan dei tradisjonelle landbaserte næringane som fangst og gruvedrift er i sterk tilbakegang. Samstundes har havområda i Nordishavet vorte viktigare enn før med fiske, ferdsel og kanskje og oljeboring.

Spjelkavik har drive feltarbeid i fleire år på Svalbard og budd i Longyearbyen i 10 år. Han er utdanna botanikar med spesiale innan satellittbasert analyse av arktisk vegetasjon.. Han var fyrsteamanuensis ved UNIS i sju år før han vart valt som leiar av Svalbardrådet og seinare Longyearbyen lokalstyre. No bur han i Rosendal.

9. november, , Rosendal Samfunnshus

Kl. 11:00

Botolv Helleland, stadnavngranskar

Namnelandskapet i Kvinnherad

Helleland har alltid vore oppteken av tilhøvet mellom menneske og natur, og av korleis dette tilhøvet speglar seg av i stadnamn. Stadnamna er ein språkleg overbygnad over landskapet som hjelper oss å finna fram. Dei fortel korleis menneska har funne seg til rette i naturen. Kvart stadnamn er eit vindauga mot den tida namnet vart til.

Namnegransking (onomastikk) er studiet av korleis namn kjem til, og korleis dei fungerer i historisk og notidig kontekst, både som enkeltfenomen og system. I faget Namne­gransking undersøkjer ein kva namn tyder, kor gamle dei er, korleis dei vert brukte, og kva dei kan seia om samfunnet før og no

Botolv Helleland voks opp i Ullensvang i Hardanger. Han tok hovudfag i 1970 ved Universitetet i Oslo med stadnamn på Hardangervidda som tema for hovudoppgåva.

7. desember, Husnes

Øyvind Offerdal, trubadur

 

Evert Taube i ord og toner.

Trubadur og visesongar Øyvind Offerdal kjem til senioruniversitet sitt medlemsmøte i desember. Her vil Offerdal frå Laksevåg underholde med musikalsk føredrag med viser muntre historier om og bergenssanger. I tillegg blir det noe godt å spise og sosialt samvær.

Øyvind Offerdal skriv sjølv: «Du inviteres til et møte med den svenske visesangeren, komponisten og poeten Evert Taube. Hans viser er elsket langt utenfor Sveriges grenser, og vi nordmenn har selvsagt også tatt han til vårt bryst. Han behersket alle stemninger i visekunsten, fra det mest vare og følsomme til det lystige og temperamentsfulle. For slik var også hans liv.

Og dette vil jeg gjennom mitt program gi deg et innblikk i. Med humor og musikk, historier og anekdoter vil jeg ta deg med på en reise i dens svenske nasjonalskaldens underlige og spennende verden.

Med sang og gitar, prat og allsang henter vi frem den gode og kjære Evert Taube - stemningen.»

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 18th. Designet av Ornell data