Aasmund Taarn Sande

Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

Hans Olav Tungesvik - Mine 50 år i norsk psykiatri

Torsdag 20. april kl. 11:00 Rosendal Fjordhotell

Tidlegare stortingsrepresentant og spesialist i psykiatri Hans Olav Tungesvik har sagt ja til å kome i Senioruniversitetet. Torsdag 20. april kjem han til Rosendal og vil fortelja om sitt arbeid i psykiatrien. Tungesvik har i det siste arbeidd med emnet «Mine 50 år i norsk psykiatri». Med den nærleiken ein i Kvinnherad har til Valen sjukehus, er dette eit interessant tema for mange.

Tungesvik er fødd i Skånevik 22. mai 1936. Han blei cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri frå 1975. I 1966 var han turnuskandidat i Kvinnherad legedistrikt, Sæbøvik, og i 1996-97 var han sjefslege ved Modum Bads Nervesanatorium. Tungesvik har vore lege fleire andre stader også, før han i 1985 blei dagleg leiar for den psykiatriske institusjonen Frihamn-senteret i Skånevik.

Tungesvik sitt fyrste opphald i Kvinnherad var som lærar på realskulen i Valen på 1950 talet. Seinare kom han att som lege på Valen sjukehus. Tungesvik var kommunestyremedlem i Kvinnherad 1967–69 og i Etne 1971–75. Då gjekk han over frå Venstre til KrF, og han var stortingsrepresentant for dette partiet frå Hordaland 1977–85. I sin sjølvbiografi «Ei forfriskande livsreis», deler Hans Olav Tungesvik viktige hendingar undervegs frå sitt spanande liv som psykiater, politikar og samfunnsengasjert medmenneske.

Tungesvik har vore ein dugande formidlar av medisinsk kunnskap og gjorde særleg lykke med radioprogrammet «Eit kvarter med legen» frå 1970, utgitt i bokform som «30 kvarter med legen». Han er opptatt av målsaka og var i 1965-1974 formann i Noregs Mållag.

torsdag, 28 juli 2016 20:33

Haustprogram

Haustprogrammet

Sommaren vaklar som vanleg frå det eine til det andre. Det einaste som er sikkert er at hausten før eller seinare kjem sigande, kva vêr han no måtte by på. Det vi derimot er sikre på, er at vi kan lova medlemer og interesserte eit spennande haustprogram.

Før så langt kjem, nærare bestemt torsdag 18. august, legg om lag 50 påmelde ut på ein dagstur til Ulvik med buss, i regi av Senioruniversitetet. På programmet står mellom anna lunsj, omvising og film på Olav H. Hauge-senteret, og omvising og prøvesmaking på Hardanger Saft- og Ciderfabrikk. Det er framleis eit par plassar att!

Sjølve haustprogrammet ser slik ut:

 

Torsdag 15. september:

Professor Reidar Myklebust:

«Hjernen og demens»

reidar myklebust

Foto:Morten Nygård

Uskedelen Reidar Myklebust har sidan 2001 vore professor i anatomi og cellebiologi ved universitetet i Bergen. Frå 1982 til 2001 var han professor i anatomi ved universitetet i Tromsø, der han òg leia avdelinga der eit elektron-mikroskop vart brukt til å studera cellestrukturar, kva som påverkar cellene og korleis dei handterer skader.

Det er likevel som førelesar han trivst best. Så har han då òg fått ei rekkje undervisningsprisar av studentane, og i fjor fekk han den høgthengjande heidersprisen av Medisinsk fagutval.

Professoren har førelest mykje om demens. I eit intervju med Grenda, viser han til at vi berre greier å utnytta om lag 10 prosent av kapasiteten som hjernen har. Han slår vidare fast at det er avgjerande å trena hjernen på same måte som kroppen, til dømes ved å løysa kryssord, sudoku og å gå turar. Han er òg oppteken av det han omtalar som «det rytmiske mennesket» og å bruka musikk som terapi.

– Vi er alle rytmiske. Har du merka at når du høyrer musikk, så trampar du takten heilt automatisk? Musikk kan òg brukast i helsesamanheng. Vi veit at pasientar med Parkinson bevegar seg betre når dei får gjera det til ein marsj.

– Og om ein syng for demente, får ein fram restane av personlegdomen deira, seier han til avisa.

På samling vår 15. september vil han snakka litt om anatomi, men elles ha hovudfokus på demens.

– Demens aukar betydeleg blant folk. Eg kjem difor òg til å snakka litt om førebygging, seier professoren.

Møtestad: Rosendal

 

Torsdag 20. oktober:

Botanikar Sigmund Spjelkavik:

«Natur og kultur på Svalbard»

sigmund spjelkavik

Svalbard har ein utruleg vill og vakker natur og ei fasinerande historie. Dette vil Spjelkavik  fortelja om i føredraget på oktobersamlinga. Hovudbolken vil vera knytt til natur med brear, fjell og fjord, flora og fauna, men han vil òg snakka litt om oppdaginga av Svalbard, fiske og fangst og nokre av dei mange ekspedisjonane både til og frå øygruppa. Sjølvsagt vil han fortelja litt om utviklinga av gruvedrifta på Svalbard og framveksten av det moderne samfunnet slik det er i dag. Rosendal kan òg knytast til ei dramatisk hending i Svalbardhistoria.

Utgangspunkt for føredraget vil vera eigne opplevingar og bilete frå mange år på Svalbard, supplert med nokre tekstar, bilete og figurar henta frå diverse kjelder. Spjelkavik har i over 30 år farta mykje rundt på Svalbard både til fots, med gummibåt, snøscooter, helikopter og forskingsfarty.

Han var første gong på Svalbard i 1975 og budde seinare i Longyearbyen i 10 år. Han er utdanna botanikar med spesiale innan satellittbasert  analyse av arktisk vegetasjon. Frå 1981 dreiv han feltarbeid om somrane på Svalbard, fram til han busette seg i Longyearbyen i 1994 i samband med at han fekk stillinga som førsteamanuensis i biologi ved Universitetstudiane på Svalbard (UNIS).

Der var han i sju år før han vart valt som leiar av Svalbardrådet og seinare Longyearbyen lokalstyre. Som leiar av Svalbardrådet, var han med på å førebu innføringa av lokaldemokrati i Longyearbyen og fekk òg vera med på å setja den nye «kommunen» ut i livet.

Han og kona flytta frå Svalbard til Hallingdal i 2004. Deretter var han direktør for Varanger Museum i to år, før han vart direktør for Agder Naturmuseum og Botaniske hage i Kristiansand. Til Rosendal kom han som pensjonist i 2014, men han reknar seg framleis som Tromsøværing.

Møtestad: Husnes

 

Torsdag 17. november:

Sti- og husbyggjar Geirr Vetti:

«Kjærleiken til gamle hus og samarbeidet med sherpa-folket»

geirr vetti

Geir Vetti til høgre, samman med Kåre Eik og sherpaene som var på Melderskin i fjor
Foto: Morten Nygård

 

Geirr Vetti treng knapt nærare presentasjon, landskjend som han er gjennom aviser, radio og TV. Her kjem ein kortversjon. I ungdomen var Vetti modellsnekkar hjå Bahus, men følgde etter kvart barndomsdraumen om å eiga og bu på ein «hyllegard».

Etter å ha sett på 42 gardar langs heile Vestlandet, hamna han på garden Skåri i Luster, ein gamal gard høgt oppe i lia, men den einaste garden i bygda med sol heile året.

Garden var nærast til nedfalls. Vetti hyrte inn arbeidarar, og prøvde med tilsette frå etter kvart 11 ulike europeiske folkeslag. Problemet var at ingen av dei heldt ut meir ein nokre få dagar med det tunge slitet.

Då kom han til å tenkja på kva han hadde høyrt om sherpaane, eit folkeslag som skulle vera både dyktig og van med tunge tak. Tanken vart til handling, og for om lag 13 år sidan kom dei to første sherpaane til Skåri gard. Det vart ikkje siste gongen dei kom.

Frå to sherpaar det første året, er no over 30 sherpaar kvar sommar engasjerte med bygging og vøling av ulike kulturminne i stein her i landet, i hovudsak stiar og trapper på meir eller mindre uframkomelege stader.

Det siste året har sherpaane vore tre gongar her i Kvinnherad, alle i regi av turgruppa til Rosendal Turnlag. I fjor sommar vølte dei stien opp til Melderskin, bygde trapper og gjorde rassikring.

Seinare på hausten bygde dei trappetrinn opp den brattaste bergskrenten mot Breidablikkhytta på turistvegen, den som på folkemunne blir omtalt som «Keisarstien».

Og no i sommar gjekk fire sherpaar laus på det brattaste partiet opp mot toppen av Malmangernuten. I løpet av fire veker, greidde dei kunststykket å laga 591 trappetrinn på fire veker!

Då Geirr Vetti heldt føredrag for Os Senioruniversitet i januar i år, kom det så mykje folk at dei måtte finna ein større sal. Vi ser ikkje bort frå at det same vil skje hjå oss! Vel møtt!

Møtestad: Rosendal

 

Torsdag 8. desember:

Jimmy Næs:

«Ingvar Moe – tekstar/tonar/tankar»

Jimmy Ns

I år ville den omtykte kåsøren og diktaren frå Etne fylt 80 år. I høve jubileet inviterer vi til eit eige Ingvar Moe-program i desember, framført av Jimmy Næs.

Ingvar Moe var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Han skreiv med kjærleik til heimbygda, men kritiserte hykleri og fordommar, samstundes som han elska staden, dialekten og krafta i folket.

Han gav ut over 20 bøker, skreiv både dikt, noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida av kåseri, revytekstar og popsongar. Han debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farga nynorsk normalmål.

Det ambivalente forholdet til heimbygda er grunntonen i Ingvar Moe si dikting. Kritikk av dei negative sidene ved bygda, trongsyn, fordommar, sladdersjuke og framandfrykt, har solid tradisjon i norsk bygdemålsdikting. Ingvar Moe fornya og utvikla dette i nye sjangrar, i modernistiske og personlege dikt, og i overrealistiske prosatekstar.

Som kåsør i NRK radio hadde Ingvar Mo eit stort publikum. I kåseria, som er samla i bøkene Kjære kyrkjefolk (1981) og Frå oppvaskkummen (1983), raljerte han ironisk og respektlaust med tema i tida.

Jimmy Næs er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar, busett i Etne. Han har laga fire viser med tekst av Ingvar Moe. Tonar er elles laga av ei rekkje kjende musikarar, som Øyvind Staveland, Stanley Jacobsen, Jonas Fjeld og Reidar Brendeland.

I tillegg til viser og songar, inneheld desember-programmet til Næs dikt og forteljingar.

Møtestad: Husnes

torsdag, 09 juni 2016 18:32

Det hastar!

Vi minner om at fristen for påmelding til Kvinnherad Senioruniversitet sin

Dagstur til Ulvik

er sett til 15. juni.

 

Kvinnherad Senioruniversitet inviterer medlemer og andre interesserte til ein dagstur med buss til Ulvik i Hardanger, torsdag 18. august. Turen går via den mykje omtala Hardangerbrua og tar i underkant av tre timar kvar veg.

 

Program for dagen:

Kl 08.30: Buss frå Husnes

Ca kl 11.30: Varm lunsj (viltgryte) på Hardanger Gjestehus

Ca kl 13.00: Film og omvisning i Olav H. Hauge-senteret

Ca kl 14.30: Omvisning og prøvesmaking på Hardanger Saft & Ciderfabrikk, som òg produserer sterkare saker enn saft.

Retur til Husnes om lag klokka 19.00.

 

Turen kostar 600 kroner per person, medrekna transport m/bompengar, lunsj, omvisning i Hauge-senteret og omvisning/prøvesmaking på Hardanger Saft & Ciderfabrikk.

OBS! Vi tek atterhald om at mange nok melder seg på. Bussen tar 50 passasjerar.

 

Bindande påmelding innan 15. juni til:

Aasmund Taarn Sande

Telefon: 950 33 776

epost: aasmund@kvinnheringen. no

 

Betty Støve

epost: atle.stove@knett.no

 

Sigmund Spjelkavik

epost: sspj33@gmail.com

 

Kjell Borge Olsen

epost: kjellolsen8@icloud.com'

 

Kari Leite Dahle

helge.da@online.no

 

søndag, 15 mai 2016 22:10

Sommartur til Ulvik

søndag, 13 mars 2016 10:58

Aktiv aldring

Kva er god helse for eldre?

Dette omfattande spørsmålet kan du få svar på, om du møter opp i konsertsalen i Kulturskulesenteret på Husnes torsdag 17. mars klokka 11.00.

Der inviterer Kvinnherad Senioruniversitet til føredraget «Helsefremjande aktiv aldring», der fysioterapeut Knut Richard Alvheim vil setja fokus på nettopp kva som er god helse for godt vaksne.

Med utgangspunkt i nyare forskning på eldre sine ressursar, vil føredragshaldaren fokusera på fysisk aktivitet, sosial deltaking, kvardagsmeistring og bruk av eigne ressursar, der målet er ein meiningsfull og aktiv kvardag.

Som dei fleste vil vita, inneber god helse mykje meir enn sjølve det kroppslege. Føredraget legg mellom anna vekt på verdien av sosialt fellesskap.

Alvheim presenterer erfaringane sine frå frisklivstrening og kjem med konkrete tips, råd og øvingar for å oppretthalda både fysiske og såkalla kognitive funksjonar. Fysioterapeuten er open for innspel og meiningar frå salen.

Alvheim er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning innan helsefremjande rehabilitering for eldre. Han har arbeidd i Kvinnherad kommune siden 1993, med Hatlestrand, Varaldsøy og Ølve som ansvarsområde. Det siste året òg i Rosendal to dagar i veka.

Han har nyleg avslutta toårig vidareutdanning ved Høgskulen i Bergen; Helsefremjande rehabilitering for eldre, og held for tida på med ein toårig mastergrad i kunnskapsbasert praksis.

Etter føredraget byr vi som vanleg på mat, kaffi og drøs i Festsalen. Vi ynskjer medlemer og alle andre interesserte hjarteleg velkomne.

 

Aasmund Taarn Sande

Leiar, Kvinnherad Senioruniversitet

           

 

søndag, 14 februar 2016 18:33

Ikkje berre krig og elende

Ikkje berre krig og elende

Vi høyrer ofte om konfliktar knytte til islam og muslimar, men lite om fest og kvardagsliv. No har du sjansen til å bli klokare.

Torsdag 18. februar inviterer nemleg Senioruniversitetet i Kvinnherad til ny samling. Der vil førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Anne K. Bang, halda føredrag over tittelen «Daglegliv og høgtid i Islam».

Gjennom media får vi dagleg høyra om dei politiske og religiøse konfliktlinene som finst i den islamske verda. Det som mellom anna har ført til flyktningkrisa vi opplever.

Derimot er det vanskeleg å finna svar på kva det vil seia å vera muslim. Kva ritual og praksis følgjer ein «vanleg» muslim gjennom dagen, året og eit livsløp? Og kva variasjonar finst mellom sekter, mellom folk får ulike stader og til ulike tider?

Føredraget til Bang vil nettopp presentera det vanlege og kvardagslege, og korleis muslimar feirar høgtider og fest med vekt på islam som ein livspraksis, snarare enn eit politisk-religiøst system.

Bang er førsteamanuensis ved Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religionsvitenskap. Ho har i hovudsak arbeidd med spørsmål om korleis islamske samfunn endrar seg ved påverknad utanfrå, av indre reformer eller som følgje av teknologiske og økonomiske prosessar.

Ho har publisert fleire bøker og artiklar om emnet. I tillegg er ho skjønnlitterær forfattar og har gitt ut tre romanar (som ikkje har noko med islam å gjera).

Vi ynskjer medlemer og andre interesserte vel møtt til samlinga klokka 11.00 i Rosendal Fjordhotell. Etter matøkta, om lag klokka 12.30, er du velkomen til å vera med på årsmøte same stad.

Aasmund Taarn Sande

nestleiar

Anne K. Bang

 

 

 

 

mandag, 08 februar 2016 17:36

Konsert i Grieghallen

Konsert i Grieghallen

I fjor vår inviterte Senioruniversitetet i Bergen andre senioruniversitet i Hordaland til konsert med Bergen Filharmoniske Orkester, og mange av medlemene i Kvinnherad reiste.

Onsdag 13. april inviterer dei til ny konsert i Grieghallen. Under kan du lesa kva program dei har for dagen, og andre praktiske opplysningar. Rett nok på bokmål, men likevel!

Onsdag 13. april er alle senioruniversitetene i Hordaland velkommen til foredrag, lunsj og konsert med Bergen Filharmoniske Orkester.

Høydepunktet på dagen blir konserten med Bergen Filharmoniske Orkester under ledelse av sin nye sjefdirigent, britiske Ed Gardner. Han leder orkester og cellisten Truls Mørk i Schumanns populære cellokonsert. Truls Mørk er en av Norges mest anerkjente musikere på den internasjonale arenaen. Få tolker Schumanns konsert slik han gjør det. Dirigent og orkester presenterer så Brahms’ livsglade andre symfoni.

Foredrag i Peer Gynt salen

Imidlertid starter dagen som sist med foredrag i Peer Gynt-salen, der direktør Bernt Bauge ønsker velkommen.

Dagens foredrag er ved musikkmennesket Erling Dahl jr. som tar for seg musikk under overskriften «kontrapunkt». 

 

Felles lunsj i foajeen

Etter foredraget er vi klare for lunsj. Suppe med brød, søtsak, kaffe/te er inkludert i prisen. Mineralvann, øl og vin kjøpes utenom.

 

Konsert i Griegsalen

Bergen Filharmoniske Orkester. Dirigent: Ed Gardner. Solist: Truls Mørk (cello).

 

Robert Schuman, Cellokonsert

Johannes Brahms, Symfoni nr. 2

 

Billetter
Foredrag, lunsj og konsert kr. 300 pr. person. Billetter kjøpes ved det enkelte senioruniversitet. Siste frist for påmelding er fredag 18. mars. Det er nummererte plasser til konserten i Griegsalen.  Til foredraget i Peer Gynt salen kan du sette deg hvor du vil.

11.45 Foredrag
13.00 Lunsj
14.00 Konsert
15.00 ca. Slutt   

 

Billettar blir å få kjøpt på Kvinnherad Senioruniversitet sin samlingar. Eventuelle spørsmål kan rettast til underteikna.

Aasmund Taarn Sande, nestleiar Kvinnherad Senioruniversitet

 

onsdag, 30 desember 2015 20:41

Vårprogram

Vinteren lurer i vasskorpa, men i Kvinnherad Senioruniversitet er våren forlengst komen. I alle fall er programmet for våren klart. For ytterlegare informasjon om stad, dato og klokkeslett er det berre å følgja med på omtalar og lysingar i lokalavisene.

Vel møtt til samlingane!

 

Januar:

Etableringa av Søral - og Husnes som industrisamfunn

Onsdag 13. januar inviterer vi til eit tilbakeblikk frå etableringa av Søral og Husnes som industrisamfunn. Vi viser to filmar: NRK-innslaget frå 1964/65, og oppfølgingsprogrammet som NRK sende i byrjinga av 1970-talet. Lokalhistorikar Tor Bringedal bitt programma saman.

For at flest mogleg skal få høve til å sjå dei gamle filmane, finn møtet stad klokka 19.00.

Møtestad: Festsalen, Husnes Kulturhus

 

Februar:

Dagligliv og høgtid i Islam v/ Anne K. Bang

Bang er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen ved Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religionsvitenskap. Ho har forska på Islam i Aust-Afrika og dei historiske forbindelselinene til den arabiske halvøya. 

Møtestad: Rosendal Fjordhotel

 

Mars:

Helsefremjande aktiv aldring v/ Knut Richard Alvheim

Kva er god helse? Føredraget vil fokusera på fysisk aktivitet, sosial deltaking, kvardagsmeistring og bruk av eigne ressursar der målet er ein meiningsfull og aktiv kvardag.

Alvheim er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning innan helsefremjande rehabilitering for eldre. Han har arbeidd i Kvinnherad kommune siden 1993, med Hatlestrand, Varaldsøy og Ølve som ansvarsområde. Det siste året òg i Rosendal to dagar i veka.

Møtestad: Husnes

 

April:

Erfaringar og tilbakeblikk etter 50 år i norsk utanriksteneste 

Tidlegare diplomat Øyvind Nordsletten held føredrag om Russland og Ukraina, men vil særleg snakka om tilhøva mellom Noreg og Russland. Nordsletten er frå Bryne og gjekk inn i norsk utanriksteneste i 1974. Han har hatt ei rekkje leiande stillingar ved ulike departement, og har mellom anna vore ambassadør i Ukraina og Kviterussland (1992-1996), og ambassadør i Russland (2000-2008).

I 2008 vart Nordsletten utnemnd til æresmedlem i Norsk-Russisk Handelskammer for sitt bidrag til å betra dei norsk-russiske forretningstilhøva.

Møtestad: Rosendal Fjordhotel

 

 

onsdag, 02 desember 2015 18:20

Neste møte

Liv Marit Aksnes

 

Lyden av Olav H. Hauge

Er du mellom dei mange som dett i stavar over klokskapen i Olav H. Hauge sine dikt? Måten orda hans får deg til å sjå det kvardagslege og sjølvsagte på ein heilt ny måte? Har du lyst til å få vita meir om kvifor, og kan henda oppleva dikta til den folkekjære diktaren på ein ny måte?

I så fall bør du notera deg komande torsdag (10. desember) klokka 11.00. Då inviterer Senioruniversitetet i Kvinnherad til Olav H. Hauge-programmet «Her, her i denne verdi», av og med Liv Marit Aksnes, i Rosendal Fjordhotell.

Aksnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Bergen. Dei siste åra har ho arbeidd med eit forskingsprosjekt som handlar om «lyden i lyrikken» – og korleis musikken i språket påverkar opplevinga av eit dikt. Korleis framfører poetane sine eigne dikt? Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale diktarane i dette prosjektet.

Førelesaren vil gje eit historisk riss av Olav H. Hauge (1908–1994) som diktar, opplesar og offentleg person. Ho vil leggja vekt på det musikalske i lyrikken hans – og korleis denne musikken kjem til uttrykk når han sjølv les opp dikta sine. Gjennom lyd-og filmeksempel vil publikum få eit nært møte med den særeigne diktaren og opplesaren.

Aasmund Taarn Sande              

 

 

 

 

 

                                                              

 

fredag, 13 november 2015 18:59

Heilt hekta på havørn

Her har Sigve Solheim knipsa ein av havørnane med fangst.

 
På det oppsette haustprogrammet var det professor i økonomi, Victor Normann, som skulle vitja oss i november. Han melde diverre avbod tidlegare denne veka. På kort varsel har vi vore så heldige å få friluftsmann og fotograf Sigve Solheim til å overta samlinga.

Dei siste åra har han vore heilt hekta på havørn. Det er òg tittelen på foredraget han held på Kvinnherad Senioruniversitet si samling i konsertsalen i Kulturskulesenteret på Husnes, torsdag 19. november.

Då havørna vart freda i 1968, var det berre eitt par att som hekka i Hordaland. Fredinga har vore ein suksess, ettersom ein no reknar med at det er mellom 180 og 200 havørnpar i fylket. 14–15 av dei hekkar i Kvinnherad.

Det har mellom andre folk på Sunde lagt merke til. Difor bestemte Soleheim seg for å leita etter havørn med båt i området.

– Eg kom ganske fort over eit par som bygde reir ein stad i Husnesfjorden. Sidan har eg vore heilt hekta, seier Solheim om ørne-interessa.

Over tre og eit halvt år har han følgt det same paret, alltid med eit digitalt kamera. Slik veit han at dei fekk to ungar det første året, og like mange det andre. I år fekk dei èin.

Ørneparet vart etter kvart så vane med han, at dei følgde etter han når han kom med båten.

– Då eg såg at det låg fisk ved reiret, skjøna eg at dei hadde fått ungar, seier Solheim.

Vanlegvis er han forsiktig med å nærma seg reir med ungar i. Det gjorde han først då Stavanger Museum, som er ansvarleg for merking av havørn, bad han gjera det.

Resultatet av Solheim si glødande interesse for havørn er blitt ein time langt foredrag, krydra med eineståande bilete av livet til ein ørnefamilie. Alt frå bygging av reir, fanging av fisk, luftakrobatikk og mating av ungar.

Senioruniversitetet ynskjer akademikarar og andre friluftsinteresserte vel møtt til samlinga i i konsertsalen i Kultursenteret på Husnes. Etterpå er det som vanleg kaffi og mat.

Aasmund Taarn Sande

 

 

Side 1 av 2
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data