mandag, 06 november 2017 22:37

Namnelandskapet i Kvinnherad - møte 9. november kl. 11:00 i Rosendal

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Namnelandskapet i Kvinnherad

Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til nytt ope møte i samfunnshuset  Rosendal 9. november, kl. 11:00.

Denne gonger er det stadnamngranskar Botolv Helleland som vil ta oss med på ei reise i namnelandskapet i Kvinnherad.

Helleland er pensjonert fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og arbeider framleis med stadnamn. Han er òg ein av statens namnekonsulentar. Han har gjeve ut fleire bøker og eit stort tal artiklar om stadnamn. Han var med å fylgja opp den store innsamlinga av lokale stadnamn i Kvinnherad på 1970-talet og frametter, noko som har gjeve Kvinnherad ei av dei største lokale stadnamnsamlinga i landet.

I foredraget vil han ta oss med på ei ferd gjennom namnelandskapet i Kvinnherad med særleg vekt på gardsnamn. Han vil òg gjera greie for typologi og tyding av dei viktigaste namneklassane. Foredraget vert illustrert med bilete frå Kvinnherad og grafisk framstilling av namnematerialet. Det vil vera høve til spørsmål og diskusjon.

Helleland har alltid vore oppteken av tilhøvet mellom menneske og natur, og av korleis dette tilhøvet speglar seg av i stadnamn. Stadnamna er ein språkleg overbygnad over landskapet som hjelper oss å finna fram. Dei fortel korleis menneska har funne seg til rette i naturen. Kvart stadnamn er eit vindauga mot den tida namnet vart til.

Botolv Helleland var og tidleg ute og kommenterte namneforslaget for den nye regionen i vest. Saman med Åse Wetås, direktør i Språkrådet, skreiv dei i ein kronikk i Aftenposten 31. mars i år at:

«Det vil oppstå ei uheldig dobbelttyding om Vestlandet både skal vera namn på eit nytt storfylke og på landsdelen som i dag går over fire fylke.»

Namnegransking (onomastikk) er studiet av korleis namn kjem til, og korleis dei fungerer i historisk og notidig kontekst, både som enkeltfenomen og system. I faget Namne­gransking undersøkjer ein kva namn tyder, kor gamle dei er, korleis dei vert brukte, og kva dei kan seia om samfunnet før og no.

Botolv Helleland voks opp i Ullensvang i Hardanger. Han tok hovudfag i 1970 ved Universitetet i Oslo med stadnamn på Hardangervidda som tema for hovudoppgåva.


Møta i Kvinnherad Senioruniversitet er ope for alle interesserte. Etter kvart føredrag eller kåseri vert det høve til kaffi og drøs i godt lag. Velkomen.

Lest 120 ganger Sist redigert mandag, 06 november 2017 22:55
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data