søndag, 15 mai 2016 22:10

Sommartur til Ulvik

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Grunna tekniske problem som vi ikkje rår over, har ikkje heimesida vår fungert dei siste par månadane. No er det laga eit improvisert system, slik at vi i alle fall kan få ut følgjande viktige informasjon til medlemene våre:

 

Sommartur til Ulvik

Kvinnherad Senioruniversitet inviterer medlemer og andre interesserte til ein dagstur med buss til Ulvik i Hardanger, torsdag 18. august. Turen går via den mykje omtala Hardangerbrua og tar i underkant av tre timar kvar veg.

 

Program for dagen:

Kl 08.30: Buss frå Husnes

Ca kl 11.30: Varm lunsj (viltgryte) på Hardanger Gjestehus

Ca kl 13.00: Film og omvisning i Olav H. Hauge-senteret

Ca kl 14.30: Omvisning og prøvesmaking på Hardanger Saft & Ciderfabrikk, som òg produserer sterkare saker enn saft.

Retur til Husnes om lag klokka 19.00.

 

Turen kostar 600 kroner per person, medrekna transport m/bompengar, lunsj, omvisning i Hauge-senteret og omvisning/prøvesmaking på Hardanger Saft & Ciderfabrikk.

OBS! Vi tek atterhald om at mange nok melder seg på. Bussen tar 50 passasjerar.

 

Bindande påmelding innan 15. juni til:

Aasmund Taarn Sande

Telefon: 950 33 776

epost: aasmund@kvinnheringen. no

 

Betty Støve

epost: atle.stove@knett.no

 

Sigmund Spjelkavik

epost: sspj33@gmail.com

 

Kjell Borge Olsen

epost: kjellolsen8@icloud.com'

 

Kari Leite Dahle

helge.da@online.no

 

Lest 2135 ganger
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

Mer i denne kategorien « Aktiv aldring Det hastar! »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 11th. Designet av Ornell data