søndag, 11 oktober 2015 21:26

Møte om borgarløn

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Borgarløn: Argument, motargument og eksperiment

Dette er tittelen på føredrag for Senioruniversitetet i Kvinnherad  torsdag den 15. oktober klokka 12.00 i kantina i Husnestunet. Vi får besøk av Nanna Kildal som er forskar ved UNI Research Rokkansenteret i Bergen og redaktør for tidsskriftet «Medborgerskap, migrasjon og helse». Ho forskar på, og er medforfattar til, artiklar og bøker om den norske velferdsstaten, NAV,  arbeidet og yrkesroller. Eller sagt på ein annan måte: Velferdssystem.

Ho seier dette om føredraget sitt: «Jeg vil snakke om ulike utforminger av en borgerlønn i et historisk perspektiv. Deretter vil jeg diskutere ulike måter å argumentere for og imot en borgerlønn på, og til slutt vil jeg gå i gjennom flere eksperimenter som dels er blitt gjort på 1970-80 talet i USA og Canada, og dels gjennomføres i dag i andre deler av verden.»

Kva er eigentleg borgarløn vil du kanskje spørja? Jau, det er ei inntekt som vilkårslaust vert betalt til alle på individbasis, utan økonomisk prøving eller arbeidskrav. Dette har vore diskutert innført attende frå 1700-talet i ulike forfatningar og av ulike personar. På 1960-talet argumenterte økonomen og nobelprisvinnaren Milton Friedman for ei borgarlønsordning i USA. Hans argument var kampen mot fattigdom. I dag er det diskusjonar om ordninga fleire stader i Europa, og Finland vurderer å starta prøveordning med borgarløn.

I vårt velferdssystem har alderstrygd og barnetrygd trekk av borgarløn. Alle andre ytingar forvalta av NAV har ulike krav og vilkår som må oppfyllast. Vi har fått eit stort NAV-byråkrati som er naudsynt for vurdering av vilkår og kontroll med bruken. Resultatet er at menneske kjenner seg audmjuka, mistenkeleggjorde og kontrollerte. Vi som nasjon har ikkje makta å fjerna fattigdommen; for nokre månader sidan leste vi i lokalavisene at det er over 300 born som lever under fattigdomsgrensa i Kvinnherad.

Visste du at dei statlege overføringane til private og organisasjonar siste år var på 680 milliardar kr? Det er kanskje på tide med nytenking og nye innspel, og vi trur at Nanna Kildal kan bidra med tankar og synspunkt til glede og ettertanke for kvar einskild av oss.

Så vel møtt til Nanna Kildal sitt føredrag!

Svein Ingvald Opdal

leiar

 

 

 

Lest 2324 ganger Sist redigert søndag, 11 oktober 2015 21:39
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data