torsdag, 10 september 2015 11:33

Naturfenomen på geostien frå Rosendal til øvre Myrdal

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

 

Dette er tittelen på føredrag for Senioruniversitetet i Kvinnherad  torsdag den 17. september  2015 kl 11.00 i Rosendal Fjordhotell. Vi får besøk av Anders Lundberg som er professor ved Institutt for geografi Universitetet i Bergen. Her forskar og underviser han i mellom anna kulturlandskap, historisk geografi, vegetasjonsøkologi, plantegeografi og biologisk mangfald. Han er også ein erfaren føredragshaldar.

Kort sagt er ein geosti ei merka turløype som er tilrettelagt med informasjonsskilt som fortel om naturhistoria som ligg i landskapet og om kultur og hendingar som har funne stad. Anders Lundberg tek oss med i tekst og bilde frå Rosendal til Myrdalsvatnet og opp til Øvre Myrdal på baksida av Melderskin. Vi skal inn i artane si naturhistorie og deira fascinerande kulturhistorie. Mange kjenner tepperot, men få veit kva namnet kjem av. Det har rot i folkemedisinen. Inst i dalen treff me artar som var mellom dei første som koloniserte landet etter istida. Dei gjorde det mogeleg for andre artar å kome seinare. Nokre av dei har bidrege til at det er mogeleg å drive jordbruk i Noreg. Vi skal også møta tusen små «nitrogenfabrikkar», planter som produserer stoff som alt liv på jorda treng, men som ingen utan desse får tak i!

I Kvinnherad vart den fyrste geostien laga for nokre år sidan mellom Nordrepollen og Markjelke. Her er det tilrettelagt med rasteplassar og informasjonsskilt. Geostien vart til i eit samarbeid mellom RosendalStiftinga, Statkraft og Folgefonna nasjonalparksenter. Å fylgja ein geosti vil gje deg ei rikare naturoppleving, gje deg kunnskap om kulturhistoria og inspirera til nye turar ut i naturen med større kunnskap om dine omgjevnader. Så vel møtt til Anders Lundberg sitt føredrag!

Svein Ingvald Opdal

leiar

Lest 2553 ganger
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data