onsdag, 26 august 2015 19:56

Tur til Fjelberg Prestegard

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Deltakarane på turen til Fjelberg (namna er tilfeldig plassert): Hilda Guddal, Arne Handegard, Marita Handegard, Sjur Tjelmeland, Aasmund Taarn Sande, Jorun Vevle, Gunvor Skarveland, Signe Sveinsgjerd Fenne, Liv Eik, Hans Sande, Berit Myklebust, Ingunn Holmedal og Sigrunn Heen, Karl Johan Ottesen og Audun Eik.

 

19 personar hadde meldt seg på Kvinnherad Senioruniversitet sin sommartur til Fjelberg Prestegard, tysdag 25. august. Diverre var det berre 16 av dei som møtte opp då snøggbåten gjekk frå Sunde. Dei som kom, fekk til gjengjeld ein innhaldsrik og lærerik dag.

Leiar for stiftinga Fjelberg Prestegard, Truls Grung, tok reisefølgjet med på ei omvising i bispestova frå ca 1730 og prestegarden frå 1818. Grunna eit tilstundande gravferd, måtte reisefølgjet nøya seg med å beundra kyrkja (1722) frå døropninga.

Grung har vore, og er, primus motor for restaurering og vedlikehald av heile anlegget. Han fortalde engasjert om kva som er gjort opp gjennom åra, kva mål ein har for den vidare drifta, korleis anlegget blir brukt og av kven.

I tillegg baud han på anekdotar om prestar og andre personar som har vore knytte til prestegarden. Før reisefølgjet la ut på den relativt omfattande heimreisa med snøggbåt gjennom store deler av sunnhordlandsbassenget, vart det servert suppe, kaffi og kake.

 

 

Lest 3041 ganger Sist redigert torsdag, 17 desember 2015 19:52
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 11th. Designet av Ornell data