tirsdag, 02 juni 2015 08:41

Haustprogram

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Haustprogrammet

Styret i Senioruniversitetet i Kvinnherad takkar medlemer og støttespelarar for eit aktivt halvår. Sommaren er knapt komen andre plassar enn på kalendaren, men alt no kan vi lova medlemene eit spennande haustprogram.

Vi held på tradisjonane og inviterer medlemene på ein sommartur. I år går turen til Fjelberg Prestegard, tysdag 25. august. Det blir omvisning i kyrkja frå 1722, bispestova frå ca 1730 og i prestegarden frå 1818, der det òg blir servert betasuppe, kaffi og kaker.

Pris per person om lag 450 kroner, medrekna tur/retur Halsnøytunnelen og ferja frå Sydnes. Frist for påmelding: Laurdag 15. august. Vi tek atterhald om at mange nok melder seg på.

Påmelding til aasmund@kvinnheringen.no, evt telefon 950 33 776.

 

Slik ser haustprogrammet ut. Fleire detaljar vil koma i forkant av kvart einskild program.

 

25. august: Tur til Fjelberg Prestegard

 

17. september: Geosti v/Anders Lundberg

Lundberg er professor ved Institutt for geografi, med mellom anna kulturlandskap, historisk geografi, naturforvaltning, miljøplanlegging og miljøkonsekvensanalys som hovudfelt.

Møtestad: Rosendal.

 

15. oktober: Borgarløn v/Nana Kildal

Kildal er sosiolog med magistergrad frå Universitetet i Oslo. Ho er forskar ved Uni Research Rokkansenteret, og redaktør av tidsskrift for velferdsforskning, medborgarskap, migrasjon og helse ved det same senteret.

Møtestad: Husnes.

 

19. november: «Har pensjonistane det for godt?» v/Victor Norman

Norman er professor i økonomi ved Handelshøgskulen i Bergen. I tillegg til å førelesa for komande økonomar, er han ein mykje omtykt føredragshaldar. Han har òg ei fortid som statsråd.

Møtestad: Husnes.

 

10. desember: «Her, her i denne verdi» v/ Liv Marit Aksnes

Om diktaren og opplesaren Olav H. Hauge. Aksnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Bergen. Dei siste åra har ho arbeidd med eit forskingsprosjekt som handlar om «lyden i lyrikken» – og korleis musikken i språket påverkar opplevinga av eit dikt. Korleis framfører poetane sine eigne dikt?  Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale diktarane i dette prosjektet.

Førelesaren vil gje eit historisk riss av Olav H. Hauge som diktar, opplesar og offentleg person. Ho vil leggja vekt på det musikalske i lyrikken hans – og korleis denne musikken kjem til uttrykk når han sjølv les opp dikta sine. Gjennom lyd-og filmeksempel vil publikum få eit nært møte med den særeigne diktaren og opplesaren.

Møtestad: Rosendal.

 

                                      

Lest 2307 ganger
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data