søndag, 12 april 2015 11:22

Det internasjonale Kvinnherad

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Om lag 50 nasjonalitetar er representerte i Kvinnherad. Kva utfordringar og kva muligheter gir det oss?

Dette er temaet på det opne møtet som Senioruniversitetet i Kvinnherad inviterer til i konsertsalen i Kulturskulebygget på Husnes torsdag 16. april. Møtet er eit samarbeid med det kommunale «Bli Her»-prosjektet.

Seniorrådgjevar/jurist i Integrererings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI Vest), Jens Erik Romslo, held føredrag med den litt langdryge tittelen «Innvandrerbefolkningen i kongeriket Norge – et tilbakeblikk, refleksjoner og fremtidsscenarier».

I kortform vil Romslo mellom anna snakka om innvandrarbefolkninga nasjonalt, regionalt og lokalt. Kven er dei og kor kjem dei frå? Kven er dei største innvandrargruppene?

Vidare vil han sjå på Statistisk Sentralbyrå sine prognosar for korleis innvandringa vil sjå ut i 2060. Han vil òg snakka litt om økonomi og tilskotsordningar, og kva som er viktig for intergrering av nye flyktningar.

Romslo er utdanna jurist og arbeidde i fleire år som forbrukarjurist for Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. Dei fem siste åra har han arbeidd som seniorrådgjevar i IMDI Vest.

I tillegg til Romslo, vil Elisabeth Croles presentera «Bli Her»-prosjektet, som vart starta opp i august 2014. Croles er prosjektleiar og vil fortelja litt om arbeidet med flyktningar og arbeidsinnvandrarar i Kvinnherad, og kva utfordringar dei har i det daglege.

Det vil òg bli visning av «Kamp for livet», filmen Rumisa Karimova og Adam Waiman laga om korleis det er å koma som flyktning til Noreg og Kvinnherad. Filmen vart laga som ein del av «Bli Her»-prosjektet.

I tillegg til enkel servering, er det ope for spørsmål og innlegg frå salen. Møtet er ope for alle interesserte.

Senioruniversitetet i Kvinnherad

 

 

 

Lest 2652 ganger Sist redigert søndag, 12 april 2015 11:29
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 23rd. Designet av Ornell data