lørdag, 14 mars 2015 08:52

Kjærlighet og samliv i moden alder

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

  Dette er tittelen på føredrag for Senioruniversitetet i Kvinnherad  torsdag den 19. mars  2015. Vi får besøk av Frode Thuen som er psykolog og professor ved Høgskulen i Bergen. Han er ein profilert og erfaren parterapeut, samlivsforskar og skribent som opptrer ofte i ulike media, mellom anna  gjennom si vekentlege spalte i Aftenposten. Han er også ein etterspurd kurs- og foredragsholdar.

 

Om sitt føredrag seier Frode Thuen: Det er den ungdommelege kjærligheten vi vanligvis møter i media og reklame, i filmer og skjønnlitteratur - det er den som former våre forestillinger og forventinger. Men hvordan er det i moden alder? Hva er utfordringene og mulighetene - enten vi har levet et langt liv sammen, eller vi er alene, eller vi er i et nyetablert forhold?

 

Frode Thuen er ikkje berre psykolog og professor, han har skrive fleire bøker og gjeve ut musikk-CD. Med andre ord er han ein allsidig kar og dyktig til å formidla sine tankar.

 

Kvifor emne ”Kjærleik og samliv i moden alder” kan du gjerne spørja? For det fyrste er kjærleik eit grunnleggjande element i det gode forholdet til kone, kjærest, barn og venner. For det andre lever vi lengre og er friskare enn før, samlivet varer difor lengre på godt og vondt. Og for det tredje medfører moden alder ofte tap av ektefelle ved død eller andre samlivsbrot, vi står att åleine kanskje med eit savn og eit ynskje om å starta på nytt.  Eit langt liv har gjeve oss erfaringar og vi har laga oss forventningar til korleis det gode samlivet skal vera. Det kan vera nyttig og inspirerande å få ta del i Frode Thuen sine tankar omkring dette.

 

Så vel møtt

 

Svein Ingvald Opdal

Lest 2895 ganger Sist redigert lørdag, 14 mars 2015 08:58
Aasmund Taarn Sande

Kvinnherad

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data