torsdag, 05 februar 2015 15:30

Årsmøtet 2015 - Referat

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

REFERAT     frå årsmøtet i Kvinnherad Senioruniversitet 2015

Stad:               Rosendal Fjordhotel

Dag:               Torsdag 15. januar 2015

Til stades:       27 medlemmer

Sak 1           Godkjenning av innkalling og sakliste

Det var ingen merknader til innkalling og sakliste

Sak 2           Val av møteleiar, referent og 2 personar til å skriva 
                     under møteprotokollen

Desse vart valde:
Møteleiar:  Grethe Brundtland
Referent:    Ansgar Bjelland
Til å underskriva møteprotokollen:    Marita Handegard og Kari Fedt Haugsbakk

Sak 3           Årsmelding

Møteleiaren gjekk gjennom årsmeldinga. Under hovudpunktet "Medlemsmøte" la ho til at også Grenda hadde stilt med eigen journalist på medlemsmøte.
Det var ingen merknader til årsmeldinga som vart samrøystes godkjent.

Sak 4           Rekneskap m/revisjonsrapport

Kasserar Anfinn Otterå gjekk gjennom og kommenterte rekneskapen.
Revisorane opplyste at dei ikkje hadde merknader til rekneskapen, men berre til nokre detaljar av teknisk art.
Eit spørsmål frå Jostein Haktorson om kor reelt overskotet var, vart følgt av ein kort runde med kommentarar frå leiar Grethe Brundtland, revisor Leif Helge Særsten og kasserar Anfinn Otterå.
Rekneskapen vart så samrøystes godkjent.

Sak 5           Medlemskontingent

Etter at styret på årsmøtet i 2014 fekk fullmakt til å fastsetja  inngangspengar for kvart einskild møte, har det synt seg at drifta går bra utan at ein treng den auken i medlemspengar som årsmøtet i 2014 vedtok. Styret gjorde difor framlegg om at:

Medlemskontingenten for Kvinnherad Senioruniversitet vert kr. 300,- pr. år frå og med år 2015.

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Sak 6            Budsjett

Kasserar Anfinn Otterå la fram og kommenterte budsjettframlegg for 2015. Det balanserar med inntekter og utgifter på kr. 82.100,-.

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Sak 7            Val

Leiaren i valnemnda, Leif Guddal, presenterte valnemnda sitt framlegg. Det hadde skapt vanskar å finna nokon som ville ta på seg vervet som leiar, men også dette ordna seg til slutt. Utfallet av valet vart slik:

Leiar for 1 år
Svein I. Opdal

Styremedlemmer for 2 år   
Aasmund Taarn Sande og Kari Leite Dahle

Varamedlemmer for 1 år
Anna Ingeborg Bjørnebøle (attval), Arnhild Løkken Berge og Kari Røssland

Styremedlemmene Betty Støve og Anfinn Otterå var ikkje på val.

Revisorar for 1 år
Kåre Eik (attval) og Leif Helge Særsten (attval)

Valnemnd for 1 år
Alice Tuften og Tørris Skaaluren vart valde.
Det nye styret fekk fullmakt til å peika ut eit tredje medlem til valnemnda.

Det sitjande styret og varamedlemmene vart så kalla fram, og under avsluttinga av årsmøtet vart dei alle takka med ei rose kvar av leiar Grethe Brundtland.
Grethe Brundtland fekk sjølv takk av Tørris Skaaluren for innsatsen sin som leiar. Dette skjedde ved avsluttinga av medlemsmøtet før årsmøtet vart sett.

Rosendal, 15. januar 2015.

Ansgar Bjelland (referent)

..............................................

Valde av årsmøtet til å skriva under møteprotokollen:

Marita Handegard                             Kari Fedt Haugsbakk

............................................               ..................................................

 

Lest 2583 ganger Sist redigert fredag, 06 februar 2015 08:42
Mer i denne kategorien « Årsmelding 2014 Styret 2015 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 22nd. Designet av Ornell data