tirsdag, 30 desember 2014 21:14

Årsmelding 2014

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

Årsmelding for Kvinnherad Senioruniversitet – 2014.


TILLITSVALDE:

Styret: Grethe Brundtland (leiar), Tørris Skaaluren (nestleiar), Anfinn Otterå (kasserar), Elsa Helland
(skrivar), Betty Støve (styremedlem).
Varamedlemmer: Ansgar Bjelland, Alice Tuften, Anna Ingeborg Bjørnebøle

Varamedlemmene vert innkalla til styremøta, og fungerer som ein del av styret.

Revisorar: Kåre Eik, Leiv H. Særsten.

Valnemnd: Leiv Guddal (leiar), Reidar Kyrkjebø, Malene Aasen.

STYREMØTE

Det har i 2014 vore 8 styremøter ,  bokført 55 saker.

MEDLEMMER

81 medlemmer har betalt årspengar for 2014.
Styret arbeider med å samle e-post adresser frå  dei som har det, og ynskjer etterkvart å informera  meir via nettet.
Sjå: senioruniversitetet.no.

MEDLEMSMØTE

Det har vore 8 medlemsmøte i 2014. Møta har vore førehandsomtala og kunngjorde i lokalpressa og på nettstaden: senioruniversitetet.no. I tillegg er den sendt som e-post til dei medlemmer me har adresse til.

Oversyn:

23.01.2014

Husnes Kino

«Min elskede» - Dokumentarfilm m/Jan H. T. Olsen.
Årsmøte

132 gjester + styret

14.02.2014

Husnes Kulturhus

Grunnlovsjubileet - Historisk seminar på Kvinnherad Kulturfestival

 

- Frank Aarebrot snakka om 200 års markeringa og jubileet, og bakgrunnen for at me «fekk» 1814.
- Bergen Kystlag fortalde om planlegginga av roturen med vengebåten frå Bergen til Årdal.

- Tor Bringedal fortalde frå boka si: «Lokalt sjølvstyre og formannskapslovene 1837-1945 «

 

70 gjester + styret

 

 

 

 

 

 

 

20.03.2014

Rosendal Fjordhotel

«Då vestlendingen vart landkrabbe»
 v/ Kjartan Rødland.

 

62 gjester + styret

24.04.2014

Kvinnherad Kyrkje

«Fra Gud og neste til stat og medborgar» v/Jørn Ø. Sunde.
Kyrkjekonsert  ved Eva Megyesi.

 

58 gjester + styret

18.09.2014

Rosendal Fjordhotel

«Overbefolkning, vårt viktigaste problem og største tabu»
v/Harald Kryvi
 

47 gjester + styret

16.10.2014

Høylandsbygd bedehus

«Båtbygging og skipsbygging på Halsnøy frå gammal tid til notid»
v/ Johs. Eide.
Utstilling av modellbåtar.
 

49 gjester + styret

20.11.2014

Rosendal Fjordhotel

«Palestinske utfordringar» 
v/ Dag  Tuastad
 

70 gjester + styret

11.12.2014

Husnes Kulturhus

Julemøte.
«Per i Dosi»
v/Johanne Øvstebø Tvedten.

Framføringa byggjer på Jens Tvedt sine bøker «Briteper» og «Vanheppa».
 

65 gjester + styret

 

På dei fleste møta har det vore enkel servering med kaffi, te og rundstykker. På julemøtet vart det servert canapèar og julekaker.

Grenda og Kvinnheringen har hatt gode og  fyldige  pressemeldingar om møta, og ved fleire høve har Kvinnheringen stilt med journalist.

ANDRE TILTAK

- 21.aug. 2014 arrangerte Kvinnherad Senioruniversitet tur til tønnefabrikken i Holmefjord, ein
hyggeleg tur der me fekk god kjennskap  til korleis denne gamle kunsten vert halden  i «hevd».
-Grethe har delteke på årsmøtet til bank-pensjonistane, og informert om S.U.
-Ansgar deltok i mars på den årlege samlinga for S.U. i Hordaland. Dette var i Bergen.
-Ansgar har dette året hatt ansvar for nettsida vår.
-Det er sendt julekort  til sponsorane våre dette året med takk for god hjelp.

Sponsorar i 2014: 
Hellesøy Verft AS, O. Jacobsen Trelast AS, Alsaker Fjordbruk AS og Peder  Bakar AS.


Kvinnherad,   29.12.2014.
Grethe Brundtland,        Tørris Skaaluren,            Anfinn Otterå,      Betty Støve,
Elsa Helland,                     Ansgar Bjelland,             Alice Tuften,
Anna Ingeborg Bjørnebøle.

 

 

 

 

 

 




 

Lest 2915 ganger Sist redigert mandag, 05 januar 2015 22:11
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data