torsdag, 09 januar 2014 18:30

ÅRSMØTET 2014

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Referat ( møtebok) frå årsmøtet i Kvinnherad Senioruniversitet  2014

 

Tid og møtestad: Torsdag 23. januar 2014 kl. 12:30, Husnes kino

Til stades:15 medlemmer.

 

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste.

Innkalling og sakliste vart godkjende utan merknader

 

Sak 2.Val av møteleiar: Grethe Brundtland.

Val av referent: Reidar Kyrkjebø

           Val av 2 personar til å skriva under møteboka:  Atle Støve og Else Margrethe Helleland.         

 

Sak 3. Årsmelding:

Skrivaren Reidar Kyrkjebø las opp årsmeldinga og kommenterte enkelte punkt. Årsmeldinga vart godkjend samrøystes.

 

Sak 4. Rekneskap for 2013

Kasserar Anfinn Otterå presenterte og kommenterte rekneskapen. Deretter las han opp revisorrapporten. Revisorane fann ingen ting å innvenda, bortsett frå nokre punkt som galdt sjølve føringa. Etter ein liten samtale om dette vart rekneskapen godkjend samrøystes.

 

 Sak 5. Budsjett for 2014

Styret la fram eit grunngjeve framlegg om medlemspengar og inngangspengar, og eit budsjettframlegg som balanserer med kr 91 000 i inntekter og utgifter.

 

Framlegget til årsmøtet om inngangspengar og kontingent:

 

  1. Årsmøtet i Kvinnherad Senioruniversitet gir styret fullmakt til å fastsetje inngangspengar for kvart arrangement. 
  2. Medlemskontingenten for Kvinnherad Senioruniversitet vert kr 400 frå og med år 2015.

 

a) Inngangspengar: Framlegget frå styret vart vedteke samrøystes.

b) Medlemspengar: Kari Fedt Haugsbakk gjorde framlegg om at laget skal halda på den noverande satsen, kr 300 for året.

Avrøysting ved handsopprekking. Framlegget frå styret vart vedteke med 10 røyster: Årspengane for 2015 blir kr 400.

c) Budsjett for 2014: Framlegget frå styret vart vedteke samrøystes.

 

 

 

 

Sak 6. Val.

  1. Leiar for eitt år: Valkomiteen sette fram forslag om val av Grethe Brundtland som leiar.Samrøystes vald
  2. To styremedlemmer for to år: Valkomiteen sette fram forslag om attval av Betty Støve og Anfinn Otterå. Samrøystes valde.
  3. Ein styremedlem for eitt år:Valkomiteen sette fram forslag om Elsa Helland. Samrøystes vald.
  4. Tre varamedlemmer for eitt år: Valkomiteen sette fram forslag om val av Ansgar Bjelland,  Alice Tuften og Anna Ingeborg Bjørnebøle som varastyremedlemmer for 1 år. Samrøystes valde.
  5. To revisorar for eitt år: Valkomiteen sette fram forslag om Kåre Eik og Leif Helge Særstein. Valde samrøystes.
  6. Valnemnd for eitt år:  Styret sette fram forslag om Leiv Guddal (leiar), Reidar Kyrkjebø og Malena Aasen. Samrøystes valde.

 

Sak 7. Innkomne saker:

Ingen saker er innmelde.

 

Leiaren,  Grethe Brundtland takka for frammøtet og avslutta møtet.                                               

 

Husnes, 23.01.2014

 

Reidar Kyrkjebø  (referent)

 

……………………………                

 

 

 Atle Støve                                         Else Margrethe Helleland

           

…………………………….                  …………………………………..           

                     (årsmøtevalde underskrivarar)            

 

NEDANFOR FINN DU DESSE SAKSDOKUMENTA:

- ÅRSMELDING

- REKNESKAP

- BUDSJETT

- FRAMLEGG FRÅ STYRET OM MEDLEMSPENGAR OG MØTEPENGAR

 

Lest 3745 ganger Sist redigert mandag, 23 juni 2014 23:05
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 17th. Designet av Ornell data