torsdag, 09 januar 2014 18:30

ÅRSMELDING 2013 Spesial

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

ÅRSMELDING FOR 2013

 

TILLITSVALDE:

Styret: Grethe Brundtland (leiar), Tørris Skaaluren (nestleiar), Anfinn Otterå (kasserar), Reidar Kyrkjebø (skrivar), Betty Støve (styremedlem). Varamedlemmer: Elsa Helland, Ansgar Bjelland og Alice Tuften. På styremøta har varamedlemmene blitt innkalla, og dei har teke på seg sin del av arbeidet i styret.

Revisorar: Lars Sæmund Sjo og Roar Sæbø.

Valnemd:  Anny Nygård Mehl, Hermund Fenne og Rita Martens Meyer.

 

STYREMØTE

Det har vore 11 styremøte og bokført 83 saker. Møtestad: Rådhuset.

 

MEDLEMMER

90 medlemmer har betalt årspengar for 2013. Styret arbeider med å samla epostadresser frå flest mogeleg, og vi ønskjer etter kvart å informera ved bruk av epost. Nettsida for senioruniversiteta  i Hordaland har ein teig for kvart lokallag, så der legg vi inn aktuell informasjon. Sjå senioruniversitetet.no

 

MEDLEMSMØTE

Det har vore ti medlemsmøte i 2013.

Møta har vore kunngjorde med lysingar i lokalavisene, og med førehandsomtalar på nettstaden senioruniversitetet.no , i lokalavisene og i lokale nettaviser.

 

Oversyn:

 

16.1.   Oddgeir Bruaset:      Der ingen skulle tru…         Rosendal fjordhotel          120 gjester

30.1.   Inge Lønning:Om grunnlova i fortid,

                                               notid og framtid                    Kulturhuset Husnes              68 ”

27.2.   Mikal Heldal              Vi badar ikkje åleine 

                                               (om mikroorganismar

                                                i sjøen)                                 Rosendal fjordhotel              42 "

            Årsmøte etter foredraget til Heldal                                                           25 ”

21.3.   Erlend Waatevik       Det norske lakseeventyret Kvinnherad vg. skule            45 ”

24.4.   Jan Rabben              Høgt og lågt i Kvinnherad  Rosendal fjordhotel              90 ”

6.6.     Åshild Ulstrup            Heimlengt …                                   Husnestunet                          90 ”

19.9.   Ivar Baste                  Internasjonalt arbeid

                                               med naturmangfald            Rosendal fjordhotel              75 ”

24.10.Lars Børge Sæberg Krigen i Kvinnherad           Husnestunet                          52 ”

21.11.Sunnhordland            Den vanskelege

            museum                     historia                                  Valen sjukehus                     86 ”

5.12.   Julemøte; Jimmy

            Øvredal                      Barndommens jul               Rosendal fjordhotell         144 ”

 

På dei fleste møta har det vore enkel servering med kaffi, te og rundstykke. På julemøtet var det servert juletallerken.

 

Dette året har pressedekninga vore god. Både Kvinnheringen og Grenda har teke inn fyldige pressemeldingar om tilskipingane, og dei har skøytt til høvelege bilete. Ved nokre høve har vi og fått gode omtalar etter møta.

 

 

ANDRE TILTAK

Kvinnherad senioruniversitet skipa til medlemstur til Lyngheisenteret i Nordhordland den 22. mai med 32 deltakarar. Vellukka tur, men vi skulle gjerne hatt fleire med. På bakgrunn av det ønskjer ikkje styret å skipa til tur til våren, men vurderer ein medlemstur til hausten.

 

Mytologifestival på Hatlestranda 26.-28. juni. Kvinnherad senioruniversitet var invitert og stod som medarrangør. I praksis var vi fritekne særskilde plikter, men kunngjorde tilskipinga for medlemmene våre.

 

REPRESENTASJON

På fellesmøte for senioruniversiteta i Hordaland, Askøy 14. mars møtte Grethe Brundtland og Tørris Skaaluren.

Sunnhordland senioruniversitet (på Bømlo) feira tiårsjubileum den 16.4.  Der møtte Grethe Brundtland som representant frå Kvinnherad.

 

ØKONOMI

Vi viser til revidert rekneskap. Den økonomiske balansen ved tilskipingane har svinga ein god del, men vi held oss flytande.  Vi ser oss nøydde til å vera varsame med  større satsingar, og vi vurderer alternative møtestader til Rosendal fjordhotel, der det fell nokså dyrt å ha møte med servering.

   Vi har fått sponsordekning frå lokale bedrifter for ein del annonseutlegg, og vi retter stor takk til desse sponsorane som har hjelpt oss i år: Schat-Harding, Spar Rosendal, Alsaker Fjordbruk og Idrift.

                                                           ***

Kvinnherad, 08.01.13

 

Grethe Brundtland     Tørris Skaaluren       Betty Støve    Anfinn Otterå             Reidar Kyrkjebø

 

Elsa Helland              Ansgar Bjelland        Alice Tuften                                                             

 

           

Lest 4262 ganger Sist redigert mandag, 15 desember 2014 18:56
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 11th. Designet av Ornell data