onsdag, 08 januar 2014 18:21

FRAMLEGG OM ÅRSMØTEVEDTAK

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Årsmøtesak 2014

Medlemskontingent og inngangspengar

 

Kvinnherad Senioruniversitet har sidan starten i 2009 hatt medlemskontingent på kr.300 og inngangspengar på kr.75 for medlemmer og kr.125 for ikkje medlemmer. Desse satsane er vedtekne av årsmøtet.

 

Kostnadane ved å halde møter varierer alt etter kor møta vert haldne og innhaldet i møta, foredrag, film eller teater. Styret har difor måtta auka billettprisen på enkelte arrangement, både for medlemmer og ikkje medlemmer. Det har likevel vore forskjell i prisen for dei to gruppene.

 

Det har vore ei målsetjing å halde eit høgt fagleg nivå på foredraga og å engasjere gode foredragshaldarar, noko ein har klart. Truleg er det årsaka til at medlemstalet har auka. Eit høgt medlemstal er avgjerande for at ein skal kunna oppretthalde god kvalitet, då det er medlemskontingenten som er det økonomiske grunnlaget for drifta. Sjølv med eit auka medlemstal, ser styret det naudsynt å foreslå auke i medlemskontingent.

 

 

Forslag til vedtak:

 

  1. Årsmøtet i Kvinnherad Senioruniversitet gir styret fullmakt til å fastsetje inngangspengar for kvart arrangement. 
  2. Medlemskontingenten for Kvinnherad Senioruniversitet vert kr.400 frå og med år 2015.

 

Lest 3697 ganger Sist redigert mandag, 23 juni 2014 23:10
Mer i denne kategorien « ÅRSMELDING 2013 ÅRSMØTET 2014 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Monday the 11th. Designet av Ornell data