Senioruniversitetet Kvinnherad (45)

 
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Kvinnherad Senioruniversitet - Program haust 2018

Kvinnherad Senioruniversitet har programmet klart til hausten. Fire nye foredragshaldare har sagt ja til å koma til Kvinnherad. Vi kan no gle oss til å få høyre Dag Sigurd Gregersen, Asbjørn Kristoffersen, Jørn Øyrehagen Sunde og Johanne Øvstebø Tveten i fire framifrå foredrag fram til jul.

Møta er som vanleg opne for alle, men som medlem i Senioruniversitet slepp du billegare inn på arrangementa. Medlemmer betaler kr. 100,- mot kr. 150,- for ikkjemedlemmer. Møta starter kl. 11:00 og kan vare eit par timar til saman med kaffe, noko å bite i og ein god drøs.

Senioruniversitetet vekslar mellom Rosendal og Husnes som møtestad. På Husnes er møta i Kulturhuset og i Rosendal nyttar vi samfunnshuset. Det siste møtet like før jul kan bli halden på Rosendal Fjordhotell.

 

 

13. september, Husnes

Dag Sigurd Gregersen: Nyttige nettstadar på internett for kvar og ein

Digipost (post frå fleire og fleire private og offentlege avsendarar)

Helsenorge (all informasjon om eiga helse, legetimer, resept)

Altinn (den norske felles internettportal for å levere elektroniske skjemaer til offentlege myndigheiter)

Vipps (sende pengar, betale i butikk) Nettbank (betaling og kontroll på konto)

E-post (kommunikasjon)

Tryggleik (små tips)

Dag Sigurd Gregersen har i dag ei undervisningsstilling ved Kvinnherad vidaregåande skule.

 

11. oktober, Rosendal

Asbjørn Kristoffersen: Egoistiske gamlinger

Skal vi nøye oss med å vera glade til for at vi er så gamle som vi er?

No kjem digitaliseringa og robotiseringa og kunstig intelligens. På kjøpet har vi fått klimakrise og flyktningekaos. Vi bør ikkje tenke oss at etter oss kjem syndfloda.

Asbjørn Kristoffersen (f. 1947) har vore journalist i Bergens Tidende sidan 1974. Han har skrive fleire reportasjebøker, og fekk i 2015 Gullparaplyens heiderspris, som blir utdelt av Bergen Journalistlag for å fremje god journalistikk i alle sjangrar.

I omtala av boka «Gamlingar løner seg ikkje» skriv Tanum:

Gjennom mange år som petitskribent i Bergens Tidende har Asbjørn Kristoffersen på sitt surmaga vis vore dei eldre si stemme i samfunnet. Ingen er spart når Kristoffersen kvesser pennen, og det tematiske spennet strekker seg frå digitalisering av dei eldre, til fotballklubben Brann, moderne design og helsepolitikk. Tekstane hans er kvasse, ofte rammande, men alltid poengterte. Stilistisk står Kristoffersen i den vestlandskfandenske tradisjonen til Einar Førde og Erling Lægreid. Han er ein av ytterst få nolevande journalistar som dyrkar det nynorske tvisynet i arven etter Aasmund Olavsson Vinje.

 

 

8. november, Husnes

Jørn Øyrehagen Sunde Landslova av 1274

Dette er ein førebels tittel og eit mogleg tema. Jørn Øyrehagen Sunde kan halde foredrag om det meste, og andre moglege tema er: «demokratiet si framtid i Europa» eller «robotjuristen».

I samband med eit foredrag laurdag 09. juni i Agatunet skreiv Hardanger folkemuseum:

Landslova av 1274 er eit storverk i europeisk rettshistorie. Magnus Lagabøte ga i 1274 Noreg si fyrste landsdekkande lov, noko som styrka sentral myndigheit og kongemakt – og det er på denne tida ein for alvor byrjar nasjonsbygginga i Noreg. At kristne verdiar om ei lik minimumsrett for alle fann vegen inn i lovverket, gjer og at me kan seie at statsdanninga på Magnus Lagabøtes tid la grunnlaget for velferdsstaten slik me kjennar han i dag. Dette at verdiar og tankegods kring plikt til å beskytta dei svake vert framhaldne som ei juridisk fundert, felles plikt, er noko me i dag gjerne ser som ei sjølvfølgje, men det var beint ut revolusjonerande i høgmellom¬alderen. Me kom frå ei samfunns-struktur der omsorgsplikt var knytt til ætt, og idéar om den sterkastes rett rådde. Landslova av 1274 er eitt av de tidlegaste nasjonale lovverk ein kjenner i Europa, og gjev derfor Noreg ei helt spesiell plass i rettshistoria.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved juridisk fakultet ved Universitet i Bergen og leiar av Landslovprosjektet 2014-2024, og ein av våre fremste kapasitetar på rettshistorie.

 

13. desember, Rosendal

Johanne Øvstebø Tvedten: «Anna Gyria»

Torsdag 13. desember får du høyra om ei av Johannes Heggland sine mest kjende romankvinner, «Anna Gyria». Johannes Heggland sin romanserie «Brødet frå havet» er på fire bøker, og forteljetekst og framføring er ved Johanne Øvstebø Tvedten. Året er 1845, og staden er ei bygd ved sjøen i Sunnhordland der silda er ein viktig del av livsgrunnlaget. Til fisket kjem tilreisande karar frå andre bygder, og såleis får både Anna Gyria og mor hennar, som er enke, seg ein mann. Men livet snur snart der ute ved havet, og fører med seg både katastrofar og ny kjærleik.

Vi får fylgje Anna Gyria gjennom tjuefem år, i medgang og motgang, og vi får samtidig eit bilde av kyst-Noreg og livet til folket som budde her på midten av 1800-talet.

Johanne Øvstebø Tvedten er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum.

Som vanleg vert desembermøtet avslutta med ei servering som høver for årstida.

Sist redigert torsdag, 16 august 2018 20:35
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 17th. Designet av Ornell data