mandag, 09 februar 2015 15:55

Vedtekter Kvam Senioruniversitet

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Kvam Senioruniversitet 

 

Vedtekter

 

 

§ 1 Føremål

Kvam Senioruniversitet er ein sjølvstendig, ideell organisasjon for dei i mogen alder som har lyst til å læra meir. Ved foredrag, kurs og studiearbeid vert utvalde emne tekne opp – utan sikte på å gje formell kompetanse.

 

§ 2 Medlemskap

Medlemskap i Kvam Senioruniversitet er personleg, open for alle, og gjeld når medlemspengane er betalt.

 

§ 3 Styret

Styret har leiar og seks styrelemer og tre varafolk. 

Styret vel nestleiar, kasserar og sekretær seg i mellom. Styret kan nemna opp arbeidsgrupper. Styret kan ta avgjerder når leiar/nestleiar og minst 3-tre styrelemer er til stades. Leiar har dobbeltrøyst ved likt røystetal.

Ingen kan ha same tillitsverv i styret i meir en 6-seks år.

Styret bør ha lemer frå ulike bygdelag og ei rimeleg kjønnsfordeling. Kvam Senioruniversitet vert forplikta av leiar si underskrift og/eller den styret gjev fullmakt.

Det skal førast møtebok for kvart styremøte.

 

§ 4 Årsmøtet

Årsmøtet er det øvste organet. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad. Innkalling til årsmøtet, saman med dagsorden og sakspapir skal sendast medlemene i god tid føre årsmøtet.  Årsmøtet skal elles gjerast kjent på siste forelesinga føre årsmøtet og i lokalavisa.

Årsmøtet godkjenner årsmelding og revidert rekneskap, fastset medlemspengar og budsjett. Årsmøtet vel leiar, styrelemer, varafolk og to revisorar. Leiaren vert vald for 1-eit år om gongen. Alle andre tillitsvalde vert med varafolk valde for 2-to år om gongen. Det skal veljast valnemnd med tre lemer, medrekna leiar. Tre varafolk til valnemnda vert også valde.Ved personval skal det vera skriftleg røysting, dersom nokon krev det. Ved likt røystetal vert valet avgjort ved loddtrekking.

Årsmøtet skal handsama innkomne saker og andre saker styret legg fram. Saker og vedtektsendringar som medlemene vil ha handsama på årsmøtet, må vera styret i hende, seinast ei veke før årsmøtedato.

Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman med tre vekers varsel av styret, eller når minst 10 % av medlemene gjer skriftleg krav om det. Saksførebuing vert som til eit vanleg årsmøte. Årsmøtet er vedtaksført nå minst 10% av medlemene er til stades.

 

§ 5 Vedtektsendringar

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal på årsmøtet.

 

§ 6 Oppløysing

Kvam Senioruniversitet kan oppløysast med 2/3 fleirtal på årsmøtet. Eventuelle midlar og eignelutar skal overførast til Kvam eldreråd eller tilsvarande organ, og skal nyttast til fremjing av seniorkulturen i Kvam.

 

Vedteke på skipingsmøte 30. november 2000. Endringar vedtekne på årsmøte 09.02.2015.

Lest 2814 ganger Sist redigert lørdag, 06 juni 2015 20:12

Siste fra Arne Tufteland

Mer i denne kategorien Styret 2017 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data