Senioruniversitetet Fusa
Senioruniversitetet Fusa

Senioruniversitetet Fusa (5)

fredag, 21 august 2015 09:31

Førehandsomtale Haust 2015

Skrevet av

Fusa Senioruniversitet si haustprogram, 
med Jimmy Øvredal i starten

Det lakkar og lir, og kaklinga av gjæss på veg sørover er ei påminning om at sommaren er på hell. Skuleborn kjem tilbake til pultane sine. Studentar reisar til sine studieplassar. Då er tiden inne for Fusa senioruniversitet å inby til åndeleg påfyll på dagstid for alle som har høve til det.

Me har gleda av å kunne melde om eit program med fleire talare som har sine røter i Fusa kommune. Professor emeritus Gunnar Kvåle vaks opp i Strandvik, og me behøver vel ikkje gjette hvor professor emeritus Halvdan Eikeland har slitt sine barnesko.

Krigen har satt sitt preg på dette minneår. Me har valt eit par emne som passar inn i dette emne. Historikaren Halvdan Eikeland tek for seg kva hans generasjon lærde om Krigen då dei gjekk på skule, og kva skuleborna lærer om den idag. Direktør for Sjøfartsmuseet, Per Kristian Sebak, skal halde sitt foredrag om arrestasjonene og deportasjonene av jøder i Bergen og Hordaland under annen verdskrig.

Eit emne som høyrer vår tid til, skal Gunnar Kvåle ta seg av: klimaendringar og helse. Som avtroppet leiar for Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen har han inngående kunnskap om de helsemessige følger som klimaendringar medførar.

Programmet åpnes av Jimmy Øvredal, forfattaren og toradarspelaren frå Øvredalen i Os. Tysdag 25. august får me møta osingen på nytt. Sist han vitja vårt senioruniversitet, tala han om forandringen i småfuglebestanden. Nå skal me få høyre om hans kunstnariske virke; han har gjeve sitt foredrag overskriften Dikt og song frå eit kunstnarliv. Om alle vel har kjenskap til noen av hans bøker, er det ikkje sikkert me er fullt klar over det store omfanget av hans diktararbeid. Sjå listen av hans bøker i faktaboks.

Han vil by på historiar om «Nils'n i Bakkjen, Stølatræ-Jens'n, Vallekleiv Johan, Gurino og ymse andre personasjer i Gråsteindalen Krins, eit stykke utanfor allfarvegen», har han lovt. Persongalleriet er kjent frå ei rekkje av hans bøker. I tillegg kjem han med seriøse dikt, songar og salmar. Instrumentet har han óg med seg. Så det blir noe for kvar og ein.

Me håpar at mange, ikkje berre seniorar, vil ta turen til Eikelandsosen den føremiddagen. Velkomen til ein kunstnerisk hyggestund! Og ta med nokon i nabolaget!

tirsdag, 08 februar 2011 20:00

Ledig

Skrevet av


tirsdag, 01 mars 2011 18:24

Årsmelding 2011

Skrevet av

FUSA SENIORUNIVERSITET

 

 

ÅRSMELDING 2011 for FUSA SENIORUNIVERSITET

Godkjent 29. februar 2012

 

1. Året som gjekk

Me har hatt eit godt år i 2011 for Fusa senioruniversitet. Kalenderåret var delvis slutten av ”skuleåret”, 2010-2011, delvis begynnelsen av  ”skuleåret”, 2011-2012.

 

Begge semestre i 2011 var vellukka. Me er nøgde med gjennomføring av førelesingane. God leiing og dyktige førelesarar, både dei landskjente og dei lokale. Frå publikum har me fått gode tilbakemeldingar. Spesiellt emnet ”helse” syntes å virke tiltrekjande.

Deltaking var betre enn ifjor. Men me ynsker gjerne enda litt fleire deltakare.

Me hadde ein oppgang i antall medlemer (47 medlemer i 2011 mot 37 i 2010).

 

Styret prøvde nye ting, så som ein programnemd til å forberede neste semester, eller å begynne kvar forelesing med felles song.

Me er nøgde med lokalet i Eikelandsosen bedehus, og serveringa har gått greitt.

Os- og Fusaposten publiserer førehandsomtalar og referat frå samlingane. Det tror me er nyttig for å vekkje oppmerksomhet for tilbodet.  Ei prøve med ei annonse i Samningen hadde ikkje nemneverdig resultat.

 

Styret meiner at FSU er veldrive, og resultatet bra i forhold til innbyggjartalet i Fusa kommune.

2. Styremøter

Styret har hatt 8 styremøter i 2011.  Slik vart styret i 2011 sammensett:

Leiar: Bjørghild des Bouvrie

Medlemer: Ingrid Brekke

Egil Hauge

Einar Rasmussen

Dagrun W. Kvåle

Arnljot Fosse

Astrid Heidal

Varamedl: 1. Olav Einar Kvåle

2. Knut Tveitnes

3. André J. Cornax

 

Organisasjonsform

Fusa Senioruniversitet har i mesteparten av året 2011 halde fram som ei avdeling under frivilligsentralen, til gjensidig fordel. Men det har eigen kasserar og eigen bankkonto.  Frivilligsentralen har støtta opp ved å delta i styret, ved praktisk hjelp og ved å stille kontoret til disposisjon for styremøta. Frivilligsentralen organiserte ein utflykt til Vestnorsk Utvandringssenter, ein tur som passa bra til siste forelesing i Senioruniversitetet, om norsk utvandring.

 

Emne og vedtak

Diverse emne blei diskutert, og avgjerd blei teke:

 

Styret: Etter (gjen-)val i årsmøtet fordelte styret  sine oppgåver seg imellom.

Oppgåver ved semesterstart og ved kvar forelesing har vore fordelte etter fast skjema.

 

Program for hausten 2011 og våren 2012: Styret førebudde fire forelesingar for haust- semesteret 2011 og fem for vårsemesteret 2012.  Heile styret deltok i samansetjing av programmet til hausten, men etter sommaren blei det utpekt ei nemd av tre styremedlemer som førebudde eit program for våren 2012. Dette virket bra. Tanken er at arbeidet i gruppa skal gå på omgang.

 

Rekneskapsår: Styret diskuterte å endra rekneskapsår eller medlemsperiode, men fann ikkje grunngjeving for det. Rekneskap går over kalenderår, medlemskap gjeld skuleår som før.

 

Frivilligregisteret: Styret melde 21. oktober 2011 inn Fusa senioruniversitet i Brønnøysund frivilligregisteret som eget foretak.

Arkiv: Styret diskuterte måten det skal arkiveres for Fusa senioruniversitet. Det blei vedteke at Frivilligsentralen arkiverar vedtekter, styreprotokollar, årsmeldingar og rekneskap i ein eigen perm, med ei henvising til utfyllande opplysningar i Frivilligsentralen sin samleperm.

 

Plan B:  Styret tenkte ut ein plan B i tilfelle ein forelesar blir forhindret. Det vedtok å laga eit allsonghefte og engasjera ein musikar. Ein alternativ plan B kan vera ein interessant billedserie dersom ein kan skaffa dette.

 

Sanghefte: Ein arbeidsgruppe tok seg av sangheftet, og fekk laga  ”Songskatten”. Dette innheld 20 velkjente songer med noter til og med fin framside. Til trykking av heftet i 50 eksemplar blei det tildelt kr 2000,- i støtte frå Fusa kulturminnelag.

Styret vedtok at me syngjer ein sang ved begynnelsen av kvar forelesing.

Asbjørn Heidal har sagt seg villig til å akkompagnjere oss på trekkspel, viss det passer for han.

Økonomi:  Den er i stor grad avhengig av frammøte på førelesingane.  Etter kvar forelesing har styret drøfta den økonomiske situasjonen og utsiktene for budsjettdekning for komande forelesing. Eit par tiltak for å få fleire medlemer blei diskutert. Dei skal setjast ut i livet neste år.

 

Senioruniversitetene i Hordaland: To styremedlemer deltok 21. mars i eit fellesmøte for senioruniversitetene i Hordaland. Møtet blei halde i Janus fabrikker sine lokal i Arna.  To styremedlemer deltok i eit par kurskvelder om data som blei organisert av Fyllingsdalen senioruniversitet.

 

Årsmøte: Styret har førebudd årsmøtet  som vart halde 22. februar 2011.

 

3. Program i 2011

Forelesingane i Fusa Senioruniversitet blei lagt til den siste tysdagen i månaden, kl. 11-13, med ein pause midt i for kaffi/te og litt attåt. Dei blei haldne i den store salen i Eikelandsosen bedehus, med sidesalen til kaffestundene. Borda vart pynta med blomar, blad og lys, ei fin ramme for påfyll av føde.

 

Styret nytta kriteriane som vart tidlegare brukt, når me sette saman program for kvart semester, m.a.  balanse menn/kvinner per sesong, og Fusafolk i programmet.

Så passa styret på at kvart semester fekk bra spreiing av tema i forlesingane.

 

Vårprogrammet 2011

25. januar: Erling Gjelsvik - Gjest Baardsen i Fusa og andre steder

64 deltakarar

22. februar: Veslemøy Fluge Berg - Husker du den gang i måneskinn

49 deltakarar

29. mars: Hans Olav Tungesvik - Livskvalitet – Livsglede

92 deltakarar

03. mai: Rasmus Sunde - Utvandringa frå Noreg med døme frå Fusa, Samnanger og Hordaland elles

41 deltakarar

 

21. mai organiserte Fusa Frivilligsentral, ved litt hjelp fra Senioruniversitetet, ein busstur til Vestnorsk Utvandringsenter på Sletta på Radøy, med omvisning på utvandringsenteret, middagsbuffet på Skogen, og stopp i Tjorehagen.

 

Haustprogramm 2011

30. august Anne-Siv Skåthun Berge: Demens; frå myter og fordommar til fakta og kunnskap

48 deltakarar

27. septemberDag Lindebjerg: Om livet langs norskekysten

79  deltakarar

25. oktober Geir Helljesen:  ”Mennesker jeg har møtt gjennom mer enn 40 år i NRK”

46 deltakarar 29. november Ella Marie Brekke Vangsnes: Om det å skriva vår nære historie - erfaringer og tips

34 deltakarar

Dette semesteret begynte me kvar forelesing med ein song. Asbjørn Heidal akkompanjerte med sitt trekkspill.

Styret hadde ei kort evaluering etter kvar forelesing. Totalt kom 453 deltagere i 2011.

 

4. Økonomi

Inntektene til Fusa Senioruniversitet kom i 2011 fra to kjelder: Deltakarar og Sponsorar. Utgiftene galdt i hovedsak honorar og reisepenger til forelesarar og leige av lokale, samt servering.

 

Deltakarane:

Medlemskontingent: Medlemer i Fusa Senioruniversitet betaler kr. 200,- for året

(2 semester). Dei får personleg medlemskort. Medlemskontingent blir innbetalt ved oppmøte på forelesingane. Deltakarpris på forelesingane, inkl servering: kr. 100,- for ikkje medlemer, kr. 50,- for medlemer. For heile 2011 betalte 47 personar medlemskontingent.

 

"Sponsorar

Styret vedtok å søkja om tilskot hos Fusa Kraftlag og Sparebanken Vest for å ha ein finansiell buffer. Styret har fått tilskot frå:

-                    Fusa kraftlag med kr. 5.000,00

-                     Folkeakademiet Hålandsdal med kr. 2.850,00 (må søkjast etter kvar forelesing.) Me ventar tilskot for 2. halvår 2011 i løpet av våren 2012.

I løpet av året 2011 kom det inn Kr. 7.850,00 i tilskot til senioruniversitetet.

 

Utgifter

Retningsgjevande honorar for forelesar vart sett til: kr. 1500 + reisegodtgjersle, men slik at honoraret kan drøftast. Det blei utbetalt max kr. 2.500 i honorar. Det blei skrive kontrakt med forlesarane. Kontrakten skal innehalda:

o Konkret bestilling (tema, innhald, tidsbruk)

o Honorar og reisegodtgjersle

o Praktiske og tekniske tilhøve.

 

5. PR og media

For å få merksemd omkring Fusa Senioruniversitet, verve medlemer og andre deltakarar, brukte styret fleire kanalar.

 

Plakatar vart hengt opp på dei lokale oppslagstavlene i bygdene (14 plassar) i Fusa kommune. Plakat med semesterprogram blei også hengt opp fleire plassar i Samnanger og Ølve.

 

Os- og Fusaposten: Før kvar forelesing blei forelesinga omtala og forelesar presentert med bilete og omtale.  I ein annonse blei forelesingane, emne, dato, tid og stad kunngjort. Det vart sendt inn referat med bilete etter kvar forelesing.

 

Forelesingane blei nemnde i kulturkalenderen for Fusa i Os- og Fusaposten.

 

Heimesider:  På frivilligsentralen sin del av den kommunale heimesida blei det teke opp informasjon om Fusa Senioruniversitet.  Likeså på www.senioruniversitet.no.

 

24. februar  2012

for styret i FUSA SENIORUNIVERSITET

 

 

 

Bjørghild des Bouvrie Dagrun Worren Kvåle

Leiar Skrivar

 

 

 

tirsdag, 01 mars 2011 18:11

Styret fra februar 2012

Skrevet av

Styre for Fusa Senioruniversitet

februar 2012 – februar 2013

tirsdag, 01 mars 2011 18:05

Vedtekter

Skrevet av

§ 1 Føremål

Fusa Senioruniversitet er ein sjølvstendig ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap for dei som ynksjer å læ¦ra meir. Ved foredrag, kurs og studiearbeid vert utvalde emne tekne opp – utan sikte på å gje formell kompetanse.

 

§ 2 Medlemskap

Medlemskap i Fusa Senioruniversitet er personleg og er ope for alle, og gjeld når medlemspengane er betalt.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 20th. Designet av Ornell data