tirsdag, 01 mars 2011 18:05

Vedtekter

Skrevet av Andre 2011-05-25
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

§ 1 Føremål

Fusa Senioruniversitet er ein sjølvstendig ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap for dei som ynksjer å læ¦ra meir. Ved foredrag, kurs og studiearbeid vert utvalde emne tekne opp – utan sikte på å gje formell kompetanse.

 

§ 2 Medlemskap

Medlemskap i Fusa Senioruniversitet er personleg og er ope for alle, og gjeld når medlemspengane er betalt.

 

§ 3  Styret
Styret har leiar og seks styremedlemer med tre varamedlemer.
Leiar og varamedlemer vert valde for eitt år om gongen. Styremedlemene vert valde for to år, slik at halvparten står på val kvart år. Styret vel nestleiar, kasserar og sekretær seg i mellom. Styret kan nemna opp arbeidsgrupper. Styret kan ta avgjerder når leiar/nestleiar og minst 3 styremedlemer er til stades. Leiar har dobbelrøyst ved likt røystetal.
Ingen kan ha same tillitsverv i styret i meir enn 6 år.
Styret bør ha medlemer frå ulike bygdelag og ei rimeleg kjønnsfordeling.
Fusa Senioruniversitet vert forplikta av leiar si underskrift og /eller den styret gjev fullmakt.
Det skal førast møtebok for kvart styremøte.

 

§4 Årsmøtet

Årsmøtet er det øvste organet. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad. Innkalling til årsmøtet skal gjerast kjend på ei open førelesing og i lokalavisa minst 2 veker i førevegen. Dagsorden og sakspapir skal gjerast tilgjengelege for medlemene.


Årsmøtet godkjenner årsmelding, revidert rekneskap og budsjett, fastset medlemspengar, vel leiar, styremedlemer, varamedlemer og 2 revisorar. Det skal også veljast ei valnemnd på tre medlemer, medrekna leiar. Møtet skal også ha føre innkomne saker og andre saker styret legg fram.


Ved personval skal det vera skriftleg røysting dersom nokon krev det. Ved likt røystetal skal valet avgjerast ved loddtrekking.


Medlemer som vil leggja fram saker for årsmøtet, eller har framlegg til vedtektsendringar, må senda desse til styret minst to veker før årsmøtedato.


Ekstraordninært årsmøte kan kallast saman med tre vekers varsel av styret, eller når minst 10% av medlemene gjer skriftleg krav om det. Saksførebuing vert som til ordinært årsmøte.


Årsmøtet er vedtaksført når minst 10% av medlemene er til stades.

 

§5 Vedtektsendringar

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal på årsmøtet.

 

§6 Oppløysing

Fusa Senioruniversitet kan oppløysast med 2/3 fleirtal på årsmøte.
Eventuelle midlar og eignelutar skal overførast til Fusa frivilligsentral eller eit tilsvarande organ, og skal nyttast til fremjing av seniorkulturen i Fusa.

 

Godkjent 23. februar 2010

 

Lest 4173 ganger Sist redigert torsdag, 02 mars 2017 14:34
Mer i denne kategorien Fusa Senioruniversitet 2009 - 2015 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 20th. Designet av Ornell data