tirsdag, 08 februar 2011 20:00

Fusa Senioruniversitet 2009 - 2015

Skrevet av Styret
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Våren 2009 spurde Astrid Heidal i Fusa Frivilligsentral nokre fusingar om dei ville vera interesserte i å starta eit «senioruniversitet» i Fusa. Og i så fall, om dei var villige til å stable eit slikt føretak på beina. Det varte ikkje lenge før ein kvikk gjeng med «seniorar» opna dørene til det fyrste foredraget. Det var 30. september same år. Då måtte dei leite etter fleire stolar til alle som kom for å høyre på Jan Spurkeland, - og for å få med seg dette nye tilbodet.

Sidan har me halde det gåande i snart sju år, med større eller mindre oppmøte, kvar siste tysdag i månaden mellom kl. 11.00 og 13.00, fire gongar om hausten og fire om våren. Nokre forelesarar har vore reine trekkplaster, som til dømes Frank Aarebrot og Jimmy Øvredal. Andre har ikkje trekt fulle salar, men alle har vore interessante, synest me. Og mange gode formidlarar har me hatt glede av å sjå og høyra på (sjå vedlagte liste). Talet på deltakarar har veksla mellom 20 og 80; oftast får me inn rundt 35 seniorar.

Kvart år har me bode  inn til ein tur med foredrag. Der har det jamt over vore bra deltaking, men me må passa på at ikkje turen kolliderer med andre sine utfluktar. Særs flott var turen i 2010 til Ole Bulls plass på Lysøen. Der fekk me ei kyndig forelesing om komponisten og eit innslag av ein levande spelemann, Jon Jelmert, som kom dansande inn salen med gamle slåttar. Agatunet vart besøkt i 2013. Der vart me rive med av Guttorm Rogdaberg si forteljing om høvdingane som i mellomalderen budde i Lagmannsstova og hadde forbindelsar til langt inn i Europa. Fengjande var òg turane til Utvandringssenteret på Sletta på Radøy, til Håheim gard og Årbakka på Tysnes og til Askøy og Herdla fort.

Me har satt som mål å vera mest mogleg sjølvhjelpne. Det har me lukkast med som organisasjon. Etter fyrste året då Frivilligsentralen leia Senioruniversitetet, har me frivillige teke over. Me vel og engasjerer foredragshaldarar og steller i stand møta i Bedehuset i Eikelandsosen. I pausen mellom to øktar serverer me kaffi og te med ein bit tebrød på pynta bord.

Program for kvart semester og for kvart foredrag vert annonsert med plakat på informasjontavler i grendene, program på to nettsider og med ei førehandsomtale og ein annonse i Os- og Fusaposten. Referat får me også inn i avisa, så me trur at Fusa senioruniversitet er godt kjent blant dei fleste.

Likevel lukkast me ikkje med å bli heilt sjølvhjelpne økonomisk. Me har med takk motteke støtte frå mellom anna Fusa kommune, Sparebanken Vest, Fusa Kraftlag og Hålandsdal Folkeakademi. Fusa har ikkje mange innbyggjarar samanlikna med mange andre Hordalandskommunar. Det er kan hende forklaringa, men me ynskjer at fleire fusingar kjem og nyttar det tilbodet som me meiner er turen verdt.

Desember 2015

Lest 4060 ganger Sist redigert torsdag, 02 mars 2017 14:31
Mer i denne kategorien « Vedtekter Årsmelding 2016 »
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 29th. Designet av Ornell data