søndag, 15 mai 2016 16:11

Årsmelding 2016

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Styresamansetjing:

Fusa senioruniversitet har for 2016 hatt fylgjande samansetning:

Leiar: Eli Dalland

Medlemer:      Harald Hjartåker (kasserar)

                        Anne Karin Moldrheim

                        Bjørghild des Bouvrie

                        Laila Beate Stabell

                        Jan Solvang

                        Gunnar Veland (sekretær)

Varamedlemer: 1. Knut Tveitnes

                          2. Andre J. Cornax

                          3. Olav Dale

Organisasjonsform:

Fusa Senioruniversitet er ein sjølvstendig ideell organisasjon.

Fusa Senioruniversitet vart 21. oktober 2011 registrert som eige føretak i Brønnøysund registera. Me har likevel halde fast på det positive samarbeidet med Fusa Frivilligsentral, men har eigen kasserar og eigen bankkonto.

Frivilligsentralen har støtta opp med praktisk hjelp og ved å stilla kontoret til disposisjon for styremøta. Frivilligsentralen arkiverer også vedtekter, styreprotokollar, årsmeldingar og rekneskap i eigen perm som tidlegare.

Organisering av arbeidet:

Leiar blir vald på årsmøtet, og styret konstituerer seg sjølv på første styremøte etter årsmøtet.

Det vert også vald varaperson for kvart verv, i tilfelle møteforfall.

I tillegg blir det vald ei programnemnd som har ansvar for å utarbeida program for vår- og haustsemesteret, og presentera dette for styret til godkjenning. Programnemnda skal ta omsyn til å få ei rimeleg fordeling av kvinner og menn som forelesarar, samt å bruka lokale foredragshaldarar der det passar.

For styrearbeidet er det utarbeidd ein månadskalender der alle aktivitetar som skal føregå, er lista opp systematisk. Dette er eit godt hjelpemiddel som gjer at aktivitetane går «på hjul», og alle i styret veit kva som skal gjerast.

I tillegg er det utarbeida ei aktivitetsliste for kvart møte som også gjev eit systematisk opplisting av kva som skal gjerast.

For 2016 har styret hatt til behandling 53 saker.

 

Program for 2016:

Det har vore 4 møte i vårsemesteret og 4 møte i haustsemesteret.
Møta vert haldne i Eikelandsosen bedehus den siste tysdagen i månaden. Møta er organiserte som to forelesingar kvar på 45 minutt, med pause mellom, og då blir det servert kaffi og litt å bita i.
Me legg også inn songar der det høver i programmet.

I tillegg var det tur til Osterøy i mai 2016.

Programmet for 2016 er vist, samt talet på betalande tilhøyrarar på kvart møte. I tillegg kjem medlemmer frå styret, som kan variera frå 6-10 på kvart møte.

Vårprogram:

26. januar: Tryggve Fett, tidlegare seniorrådgjevar Bergen Museum

- Bymann og stril

39 frammøtte

24. februar: Psykolog Elin Hordvik

- Kva kan vi gjera for å få til «det gode liv»

Litt i underkant av 60 frammøtte

Årsmøte etterpå.

29. mars: Jimmy Næs, trubadur og forfattar

- Ingvar Moe, tekstar – tonar - tankar

51 frammøtte

26. april: Anne K. Bang, førsteamanuensis i historie

- Islamsk daglegliv

19 frammøtte

31. mai: Busstur til Osterøy med turleiar Kristoffer Foldøy.

- Omvising på Havråtunet, omvising på Osterøy museum, varm lunsj i Lonevåg, omvising i Ole Bull sin villa på Valestrand og omvising i Hamre kyrkje.

32 deltakarar.

Haustprogram:

30. august: Hans S. Vindenes

- Ordførar i 12 år

47 frammøtte

28. september: Herleiv Rolfsnes

- Teatermannen Ingjald Håland

54 frammøtte, i tillegg kom over 40 som bidrog til programmet.

Dette foredraget var del av ei større tilskiping saman med Eldrerådet i samband med Eldredagen.

25. oktober: Terje Knutsen, førsteamanuensis UIB

- Russland under Putin

37 frammøtte

29. november: Målfrid Krohn Sletten

- Det lyser i stille grender – om juletradisjonar, julekort og jul i Bergen.

28 frammøtte

Fellesarrangement for senioruniversiteta i Hordaland:

Foredrag, lunsj og konsert med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen 13. april.

15 deltakarar frå Fusa.

Datakurs for eldre:

Mange eldre har utfordringar med den digitale kvardagen. Fusa Senioruniversitet gjekk inn for å arrangera datakurs for å møta dei ulike behova her. Atle Sannes Larsen vart engasjert som datalærar og ordna med rom og utstyr på ungdomsskulen. Han heldt kurs 4 kveldar om våren og 5 kveldar på hausten. På den eine kurskvelden om våren var Godtskalk Skåtun med for å informera om nettbanken til Sparebanken Vest. Andre tema var praktisk databruk, e-post, biletbehandling, bruk av Skype, råd om netthandel og bruk av smarttelefon og nettbrett. Ein eller fleire styremedlemer var med og assisterte og sørga for kaffi og kjeks. Talet på deltakarar varierte mykje frå kveld til kveld (mellom tjue og fire).

Logo for Fusa Senioruniversitet:

Elevane i ein formgjevingsklasse på Fusa vidaregåande skule vart utfordra til å koma med forslag til logo. Styremedlemene samla seg om eitt av utkasta, som me alt har tatt i bruk på ulike skriv frå Fusa Senioruniversitet og på eigne krus som me gjev ved eigna høve. Kruset er òg for sal.

 

Økonomi:

Inntektene for Senioruniversitetet kjem frå medlemskontingent, inngangsbillett på møte, støtte frå sponsorar og frå Norsk Tipping, grasrotandelen.

Utgifter er i hovudsak honorar og reisepengar til forelesar, husleige og utgifter til servering.

Inntekter:

Medlemskontingent:

Medlemskontingenten har vore uendra sidan hausten 2013: kr 300 per skuleår. Inngangsbillett for kvar forelesing er kr 50 for medlemmer og kr 150 for ikkje-medlemmer.

Medlemmer av styret betaler medlemskontingent, men ikkje inngangsbillett på møte.

Medlemstalet for 2016 er 65.

Det er ein auke frå 2015, då det var 55 medlemmer. 

Andre tilskot:

Fusa Senioruniversitet er registrert i Brønnøysundregisteret, og blir tildelt av grasrotandelen ved tipping. Laget har i 2016 fått følgjande tilskot:

  •  Lift Up                                           kr 2000,-
  •  Bolaks                                            kr 2500,-
  •  Hordaland rørteknikk                     kr 7500,-
  •  Fusa Kraftlag                                  kr 5000,-
  •  Sparebanken Vest (til datakurset)   kr 10000,-
  •  Norsk Tipping AS (grasrotandel)   kr 1626,49

For 2016 viste rekneskapen eit overskot på kr 17815,50. Overskotet var størst frå tilskipinga av Eldredagen saman med Eldrerådet. Der fekk Senioruniversitetet eit overskot på vel kr 3000,- (ikkje minst takka vera loddsalet!).

Inneståande beløp på konto i Sparebanken Vest ved årsskiftet var kr 77103,35.

Utgifter:

I 2016 har honorar til forelesar som oftast vore kr 2000, med reisepengar i tillegg. Me følgjer andre senioruniversitet og set no kr 2500 som vanleg honorar.

Det skal skrivast kontrakt med forelesar, og denne kontrakten skal innehalda:

  • Konkret bestilling
  • Honorar og reisegodtgjersle
  • Praktiske og tekniske tilhøve.

Det vert vald ein kontaktperson i styret som held kontakten med forelesaren fram til møtet.

PR og media

For å gjera kjent arbeidet til Senioruniversitetet vert det for kvart semester sett opp oppslag på sentrale stader i kommunen.

Alle møta får ein grundig omtale i Os- og Fusaposten i veka før møtet, og det blir sendt til avisa eit fyldig referat etter kvart møte.

Forelesingane blir lagt inn i kulturkalenderen for Fusa i Os- og Fusaposten og andre aktuelle stader.

Programmet er også lagt inn på nettstaden for Senioruniversitet i Hordaland.

Lest 466 ganger Sist redigert torsdag, 02 mars 2017 14:31
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 14th. Designet av Ornell data