fredag, 26 januar 2018 18:14

Invitasjon fra Universitetet i Bergen til testing av Norsk medborgerpanel i februar

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Norsk medborgerpanel er ei ikkje-kommersiell spørjeundersøking drifta ved Universitetet i Bergen. Undersøkinga vert sendt ut til eit representativt utval av den norske befolkninga tre gongar i året.

Data som vert samla inn blir brukt av samfunnsforkarar ved UiB og andre institusjonar i Noreg og i utlandet. Tema som vert forska på er blant anna demokrati, klima, innvandring, ulikheit, media og helse.

Før undersøkinga skal ut til folk, vil vi gjerne teste at spørsmåla er forståelige og at den tekniske løysinga er enkel å bruke.

Derfor vil vi invitere deltakarar ved Senioruniversitetet til å vere med på å teste undersøkinga. Vi ønsker alle slags tilbakemeldingar på til dømes formuleringar, innhald og teknisk utforming.

Heilt konkret vil vi frå 15 februar til 22. februar invitere folk til våre lokal i Rosenberggaten 35 på Høyden. Her ønsker vi at dei inviterte skal teste undersøkinga og gi ærlige tilbakemeldingar.

Dette er verdifull informasjon for oss fordi vi vil at undersøkinga skal vere best mogleg før den går ut til fleire tusen nordmenn i mars. Slik kan vi produsere solid forsking på samfunnet vårt.

Vi stiller med kaffi og kjeks, og håper på at mange engasjerte deltakarar ved senioruniversitetet har lyst til å besøke oss.

Dei som ønsker å delta kan melde seg på ved å sende epost til:erla.lovseth@uib.no 

Om de ønsker meir informasjon om opplegget, kan de sende spørsmål til meg.

Besøk gjerne vår nettside for ytterlegare informasjon om Norsk medborgerpanel: www.uib.no/medborger

Beste helsing,

Marta Rekdal Eidheim

Vitskapleg assistent

Digital samfunnsvitskapleg kjernefasilitet/Norsk medborgerpanel

Universitetet i Bergen

Lest 63 ganger Sist redigert onsdag, 31 januar 2018 16:08
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data