Monica Nesse

Monica Nesse

tirsdag, 02 januar 2018 10:58

Vårsemesteret 2018

Program vår 2018

Semesterplan 1. halvår 2018

Tysdag 9.januar

Tema   Tema Mennesket og mikrobene

Førelesar        Elling Ulvestad          

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00


Elling Ulvestad er professor ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Han er spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og har doktorgrad på immunaktivitet i hjernen. Gjennom heile karrieren har han arbeidd med utfordringar knytt til korleis mennesket sitt immunsystem vernar mot smittestoffa. Etter kvart har han blitt like interessert i korleis mikrobane bidreg til å halde oss friske, og kor viktig det er at mennesket tek vare på mangfaldet i naturen – også det mikrobielle mangfaldet. Ulvestad ga i 2015 ut boka Mennesket og mikrobene på Universitetsforlaget, og mykje av innhaldet i forelesinga vil vere å finne i denne boka. Han vil kome inn på økologiske tilhøve vel så mykje som medisinske. Ulvestad har budd i Indre Arna dei siste 30 åra

 

Tysdag 6. februar

Tema           Marin ureining

Fø           Førelesar    Inger-Lise Skarstein       

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

Inger-Lise Skarstein vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 1977 og vart mellom anna første varapresident i Odelstinget frå 1981 til 1985. Ho var og styreleiar i stiftinga Norsk Kulturarv i nærare 7 år.

Inger-Lise har og hatt ei rekkje andre verv, som t.d. styremedlem i landsstyret i Norsk Naturvernforbund og medlem i hovedstyret i Fortidsminneforeningen.

I 1998 fekk ho Kongens Fortenestemedalje i gull for arbeid for friluft, naturvern og kultur. I 1959 vart ho den første kanalverten i NRK TV, då var namnet hennar Inger-Lise Haug, for dei som er vaksne nok til å hugse det

Tysdag 6. mars           Årsmøte med føredrag

   Tema          Gamlingar løner seg ikkje

Førelesar     Asbjørn Kristoffersen

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.30

Det vert med dette kunngjort at årsmøte i Arna Senioruniversitet vert halde tysdag 6. mars kl. 11 i Ljoshall.
Vanlege årsmøtesaker og val.
Saker til årsmøtet må være styret i hende seinast 13. Februar 2018. Sakspapir får ein ved å henvende seg til Arna Frivilligsentral på tlefon 55243810 eller post@arna.frivilligsentral.no

Etter årsmøtet vert det føredrag med Asbjørn Kristoffersen.

Asbjørn Kristoffersen begynte som journalist i BT i 1974. Han er fiskarsonen frå Misje på Sotra, som aldri har gløymt kvar han kjem frå. Alt som ung begynte han å skriva om gamlingar, og det var det ikkje så mange andre som gjorde. Han ville vera ei motstemme, vera skeptisk til alt som var populært, få fram meir mangfald, i dag er folk for like. Etter at han fylte 67 år har han hatt sommarjobb som kommentator i BT.

 

Tysdag 10. april

Tema         Opp for Arna

Førelesar  Bjørn Sundland

Møtestad  Ljoshall                        Tid            11.00 – 13.00

 

Bjørn Sundland er ekte Arnagut, oppvaksen og busett på Unneland. Bjørn er utdanna ingeniør ved Høgskolen i Bergen. Han har etterkvart lang praksis innanfor olje og gassrelatert verksemd. Etter å ha arbeidd til saman nesten 7 år i Smedvig AS, Statoil Mongstad og Framo Engineering var han tilsett i StatoilHydro, seinare Statoil i 10 år. Dei siste 3 åra har han vore produksjons- og driftssjef i Gasnor. Bjørn er oppteken av lokalmiljøet i Arna. Mest kjent er han for engasjementet sitt mot etablering av godsterminal på Unneland. Vidare driv han saman med kona Siren og lokale eldsjeler familiefestivalen «Låveleik». Han er og gjesteskribent i Bygdanytt. Høyr kva tankar Bjørn har om framtida for Arna.


Tysdag 8. mai

Tema         Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Førelesar  Oddgeir Bruaset

Møtestad  Ljoshall                       Tid  11.00 – 13.00

Oddgeir Bruaset er utdanna lærar ved Volda lærarskule med tilleggsutdanning i grunnfag, historie og norsk ved Universitetet i Bergen. Han har undervist i realskulen, ungdomsskulen og gymnaset. Bruaset har vore journalist, programleiar og forfattar. I 43 år har han arbeidd i NRK, 30 av desse åra  i fjernsynet. Mest kjent er han for produksjonen av den folkekjære serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Oddgeir Bruaset har skrive bortimot 30 faglitterære bøker, dei fleste av kulturhistorisk karakter. Han er ein populær og mykje brukt føredragshaldar.

 

Tysdag 5. juni vert det busstur til Sotra.

 Me kjem attende til program for dagen når det nærmar seg.

fredag, 04 august 2017 13:19

Program for haustsemesteret 2017

Semesterplan 2. halvår 2017

 

Tysdag 22. august

Tema          NRK Hordaland i den nye medierøyndomen

Førelesar    Dyveke Buanes   

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00

Dyveke Buanes er distriktsredaktør i NRK Hordaland. Ho har utdanninga si frå fjernsynslinja i Volda og Universitetet i Bergen. Dyveke har etterkvart lang og breid erfaring som journalist i radio og fjernsyn. Ho har vore vaktsjef i NRK Dagsnytt, journalist i NRK Hordaland og nyheitsanker i Vestlandsrevyen og Norge i dag. Sidan 2008 har ho vore nyheitsanker i TV 2 og kom ved årsskiftet frå TV 2 Nyhetskanalen til NRK. Mediene har dei siste åra vore gjennom ei rivande utvikling. I dag er internett blitt navet i nyheitsarbeidet til NRK Hordaland. Publikum vil ha nyheitene raskt, og ikkje venta til kveldens tv-sending. Samstundes har me fått internasjonal konkurranse frå Facebook og andre sosiale medier. Me må møta brukarane våre på fleire plattformer. Så korleis påverkar dette det lokale journalistiske oppdraget til NRK Hordaland? Og var alt så mykje betre før? Høyr kva tankar Dyveke har rundt desse temaene.

 

Tysdag 5. september

Tema            …

Førelesar    Aina Heldal Bøe 

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

Aina Heldal Bøe er frå Ytre Arna - 37 år gamal, gift og mor til to.
Me kjenner henne kanskje aller best frå Nathan-saka. I 2013 fekk ho Laksovprisen for sin betydelege innsats i nettopp denne saka. Denne saka var òg grunnen til at ho etter kvart slutta i jobben som jurist og kontorsjef på konsernjuridisk avd. i DNB.
Ho er utdanna jurist, advokat frå 2016 og jobbar no i Advokatfelleskapet Falch. Der arbeider ho mellom anna med barns rettar, barnevern, familierett, utlendingsrett og som verje for mindreårige.
Aina sit i representantskapet til Redd Barna, og er veldig engasjert i asylbarnas rettar.
I tillegg held ho mange føredrag, skriv debattinnlegg og artiklar.

Tysdag 3. oktober

Tema          I fyr og flamme

Førelesar    Jan Davidsen

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.00

Jan Davidsen er utdanna som brannmann og starta det fagpolitiske arbeidet sitt som tillitsvalgt. Han vart leiar for Norsk Kommuneforbund i 1993 og for Fagforbundet då dette vart skipa i 2003. Forbundet hadde då 300 000 medlemmer.

Han gjekk av som leiar i 2013 og vart pensjonist, men ikkje passiv, for i 2015 vart han leiar av Pensjonistforbundet. Som fagforeningsleiar kjempa han for medlemmene sine krav og rettar, og no er det altså pensjonistane som får gleda av røynslene og arbeidet hans.

 

Tysdag 7. november                          

Tema          Framtida for demokrati og rettsstat i Europa Førelesar     Jørn Øyrehagen Sunde               

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00-13.00
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, og vart same året professor i rettshistorie der. Han har sidan 2006 vore forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal, og var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen. Sunde har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, og fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling. Han har arbeidd særleg med norsk rettshistorie frå år 1000 til i dag, med rettskultur og komparativ rett, og rettsstatsforsking. Han har publisert over 100 artiklar, redigert 5 bøker, og gjeve ut Speculum legal (2005), Den juridiske komedien (2007) og Dømmer i sidste Instans – Høgsteretts historie 1965-2015 (2015).

 

Tysdag 5. desember

Tema   Ei reise gjennom livet til mannen med breie skuldre

Leiar                                     Magnus Vestrheim

 

Nestleiar                              Eli Svarstad 

 

Styremedlemer                    Berit Hauge Aadland

               Evelyn Fasteland

               Kjell Arnstein Sælen 

Varamedlemer                    Kjell Ove Hernæs
                                            Ragnvald Samsonsen

 

Sekreteriat                        Arna Frivilligsentral v/ Monica Nesse

                                               Postboks 3,Ytre Arna 

                                               5889 BERGEN

                                               Tlf: 55243810

                                               Mobil: 91007507

                                               E-post: post@arna.frivilligsentral.no
                                              
Heimeside:arna.frivilligsentral.no

onsdag, 11 januar 2017 13:35

Prisar, haustsemester 2017

Semester- / medlemsavgift i Arna Senioruniversitet er for haustsemesteret 2017 kr. 300,-. Dette inkluderer forelesningar og servering.
Førelesningane er opne  alle.
Kontonummer for medlemsavgift: 3624.28.73739

For ikkje-medlemer kostar kvar forelesning kr. 100,- 

Semesterplan 1. halvår 2017

Tysdag 10. januar

Tema          Nikolai Astrup

Førelesar    Gunnar Danbolt

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00

Gunnar Danbolt (f.1940) er professor i europeisk kunsthistorie ved UiB.

Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om måleri og skulptur frå antikken, mellomalderen og renessansen, og om moderne kunst, kunstteori  og barnekultur.

Han er og mye nytta som foredragshaldar og forelesar i mange samanhengar. Danbolt fekk i 2000 Meltzers Høyskolefonds Forsknings-og Formidlingspris.

Han vart i november 2007 utnemnd til Riddar av 1.Klasse av St.Olavs Orden for si kunstformidling.

I mai 2010 fekk han Sivleprisen for bruken av nynorsk i boka Norsk Kunsthistorie.

Sidan hausten 2003 og fram til 2015 har han, saman med Nina Skurtveit, laga Radioprogrammet Kunstreisen på NRK P2.

 

Tysdag 7. februar

Tema          Slektsgransking og arkivbruk

Førelesar    Yngve Nedrebø

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

Statsarkivar: 

Statsarkivar Yngve Nedrebø (f.1954) er utdanna historikar (cand.philol)  og vart tilsett som statsarkivar ved Statsarkivet i Bergen i 1995. Han er òg leiar for Digitalarkivet, og saman med Jan Oldervoll var han ein av initiativtakarane til at nett-tenesta Digitalarkivet vart skipa. Bibliografien til Nedrebø inneheld ei rekkje (19) fagartiklar og -bøker som regel med lokalhistoriske emne og tema.

 

Tysdag 7. mars

Tema          Klimavitskap

Førelesar    Kikki Kleiven

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.00

Helga «Kikki»  Flesche Kleiven er dr. Scient og førsteamanuensis ved Institutt for Geofag, UiB.

Og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Når Kikki snakkar til «folket», handlar det om klimavitskap. Hennar velformulerte, grundige argument når fram til journalister, politikarar, lærarar og studentar. Jordas dramatiske klimahistorie blir synlig og meir begripelig gjennom forteljingane til den engasjerte bergensaren

Tysdag 28. mars                     Årsmøte med føredrag          

Tema          Humor og relasjonar

Førelesar     Jan Spurkeland

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00-13.30

Jan Spurkeland har over 20 års erfaring med leiartrening og organisasjonsutvikling.                         I ein periode var han knytta til AFF, som mellom anna driv Solstrand-kursa, og han har  erfaring frå leiaroppgåver som rektor, skulesjef og personalsjef.

Han er ein mykje brukt føredragshaldar og har skrive fleire bøker innan leiing, relasjonsbygging og skule- og organisasjonsutvikling. Han har skrive biografien om Ivar Medås og er dyktig til å kombinere det faglege med humor.                                                                                                                                            I boka «Stril med smil» har Spurkeland nytta alle ingrediensar som særmerkjer strilekulturen. Gjennom Spurkeland sine dikt, er det mange som er blitt kjent med den frekke og frodige «Spøt-Olina».



Tysdag 2. mai

Tema          Hjertesjukdom - er det nokon kjønnsforskjellar?          kjønnsforskjellar?
Førelesar    Mai Tone Lønnebakken 

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00


Mai Tone Lønnebakken er oppvaksen på Tysse i Samnanger. Ho er utdanna lege og spesialist i indremedisin og hjartesjukdommar. I 2010 tok ho doktorgrad på kontrastultralyd av hjarta, en ny metode for å påvise kransåresjukdom. Ho arbeider no som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og overlege ved Hjarteavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus. Ho forskar no på ulike billeddiagnostiske metodar for å påvise hjarte-og karsjukdom og har vore spesielt interessert i kjønnsforskjellar i utvikling av hjarte- og karsjukdommar.

Tysdag 6. juni
Senioruniversitetet reiser på tur til Austevoll, kommunen der «bygdedyret drukna på vegen ut». Austevoll har eit rikt kulturliv og eit næringsliv som er leiande innanfor tradisjonelt fiskeri, oppdrett og oljerelatert verksemd. Me tek ein rundtur i øyriket saman med kjentfolk som fortel og syner oss kva dei har å by på. Det vert servert lunsj på Bekkjarvik gjestgiveri. Avreise frå Arna Terminal

kl. 08.30, retur til Arna ca. kl. 18.30 (med atterhald om evt. endringar i ferjetidene). Meir informasjon om påmelding m.m. kjem seinare.

Vel møtt på møteplassen for tanke og trivnad!

Etter massevis av gode tilbakemeldinger fra fjorårets samling av senioruniversitetene i Hordaland, har vi nok en gang gleden av å invitere til Grieghallen. Onsdag 13. april er alle senioruniversitetene i Hordaland velkommen til foredrag, lunsj og konsert med Bergen Filharmoniske Orkester.

(Se lenger nede for pris og påmelding.)

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 19th. Designet av Ornell data