tirsdag, 29 januar 2013 12:21

Semesterplan høst 2013

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(1 Stemme)

Tysdag 3.september

Tema              Island Kultur-Natur-Historie

Forelesar        Karvel Strømme

Møtestad         Ljoshall          Tid      11.00 -13.00

 

 

Karvel Strømme er ein mykje brukt forelesar når det gjeld Island.  Han er svært kunnskapsrik om temaet og er med bakgrunn i det også ofte brukt som reiseleiar for ulike grupper som legg turane sine til Sagaøya. Vi vil gjennom Strømme sitt foredrag få eit godt bilde av Island sin kultur, natur og historie.

 

 

Tysdag 17.september

Tema          Kvifor huskar nokon menneskje betre enn andre                                                                                              Forelesar   Eike Wehling

Møtestad    Ljoshall          Tid       11.00-13.00

 

 

Mange menneskjer vil oppleva endringa i mentale funksjonar når dei blir eldre ved at ein gløymer namn, mister nøklar eller leitar etter briller hyppigare enn før. Til trass av at fleire eldre held seg frisk enn andelen som opplever problema, kan frykta for å utvikle kognitiv svikt væra stor. Under foredraget blir det presentert forsking om vanlege aldersrelaterte forandringar (spesielt hukommelses prosesser) og deira antatt nevrobiologiske grunnlag i hjernen. Eike Wehling skreiv i si doktorgradsavhandling om kognitive forandringar hos eldre menneskje. Ho har fortsatt sine studiar om eldre menneskje si fungering som post doktor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved Universitet i Bergen, og arbeidar i tillegg som klinisk psykolog ved  Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering, ved Haukeland Universitets Sjukehus.

 

 

Tysdag 1.oktober       

Tema            Kva skjer etter valet

Forelesar      Frank Aarebrot

Møtestad       Ljoshall             Tid      11.00 -13.00

 

 

Den kjende valforskaren Frank Aarebrot vitjar Arna Senioruniversitet med eit foredrag der han vil koma med nokon betraktningar knytt til valet som nyleg har vore.

 

                                                                                                                                                                                                              Tysdag 5.november

Tema            Hugs, samtalen er det beste

Forelesar      Sylfest Lomheim

Møtestad       Ljoshall             Tid      11.00-13.00

 

 

 

Denne tysdagen vitjar Sylfest Lomheim Senioruniversitetet.  Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskulen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike.  Lomheim har sidan 2004 vore direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.   Sylfest Lomheim  er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990

 

 

 

Tysdag 3.desember

 

Møtestad       Ljoshall             Tid      11.00-13.00

 

 

Program for denne samlinga vil bli annonsert på seinare tidspunkt

 

Lest 6806 ganger Sist redigert onsdag, 04 desember 2013 00:01
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Saturday the 24th. Designet av Ornell data