Feil
  • JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 73
tirsdag, 08 februar 2011 20:23

Semesterplan 2011 vår

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

 

Semesteravgift i Arna Senioruniversitet 2010 er Kr. 250,- som inkluderer forelesninger og servering.

For ikkje-medlemer kostar kvar forelesning kr. 80,-, som inkluderer servering

Forelesningane er opne for alle

Tysdag 11.januar: Møtestad Ljoshall Tid 11.00-13.00 
Tema: ”Røde Kors rørsla i krig og fred” 
”På kryss og tvers i Sørøst Asia” 
Forelesar Ole Johan Hauge 
Ole Johan Hauge har akkurat gått inn i pensjonisttilværelsen etter mange år i eit meget spesielt yrke som lederdelegat i Røde Kors. Hans yrke som ”nødhjelper” har brakt han omkring i verda på plassar der hans kunnskap om katastrofehandtering har vore behov for. Når han besøkjer Arna Senioruniversitet, som eit av hans fyrste oppdrag etter å ha blitt pensjonist, vil Ole Johan Hauge ta oss med på ei reise gjennom noko av det han har opplevd gjennom si gjerning. Gjennom bilder og verbal forteljing vil vi få innsyn i Røde Kors rørsla i krig og fred, samt dokumentert hans reiser på kryss og tvers i Sørøst Asia. 

Tysdag 1.februar Møtestad Ljoshall Tid 11.00 -13.00 
Tema ”Minner om Alf Prøysen”
Forelesar Finn Jørstad
Finn Jørstad er siviløkonom og forfattar. Opprinnelig kjem han frå Hamar / Ringsaker området, slik som også Alf Prøysen gjorde. Finn Jørstad kjente berre til Alf Prøysen på denne tida, men blei kjent med Prøysen då han arbeida som reklamesjef for Kløverhuset. Sidan den gong blei Alf Prøysen og Finn Jørstad nære vener fram til Alf Prøysens bortgang i 1970. 
Med dette som bakteppe er det at Finn Jørstad vil fortelja om sine minner om Alf Prøysen. 

Tysdag 1.mars: Møtestad Ljoshall Tid 11.00-13.00 
Tema ”Raftostiftinga”
Forelesar Informasjonsleiar Kari Amble 
Kari Amble er kjend som tidligare journalist i NRK. 
Dei siste åra har ho arbeid som informasjonsleiar i Raftostiftinga. Når Kari Amble denne tysdagen vitjar Arna Senioruniversitet, vil ho fortelja om Raftostiftinga sitt virke. 
Raftostiftinga er ein ikkje komersiell organisasjon, som arbeider for å fremja arbeid for menneskerettar over heile verda. Ei av hovedopgåvene til stiftinga er utdeling av den årlege Raftoprisen. 

Tysdag 5.april: Møtestad Ljoshall Tid 11.00-13.00 
Årsmøte med forelesning Tema ”Varg Veums Bergen, ein by i endring”
Forelesar Gunnar Staalesen. 
 
Gunnar Staalesen er fyrst og fremst kjend som krimforfattaren av bøkene om Varg Veum. Bergensavisen har nyleg kåra Staalesen som ”Årets Bergensar for 2010” Gjennom sitt forfattarskap har Gunnar Staalesen også tilegna seg rik kunnskap om Bergen, noko som også dannar bakteppe for det han vil forelesa om denne tysdagen. 

Tysdag 3.mai: Møtestad Ljoshall Tid 11.00-13.00 
Tema ”Husker du den gong i måneskin”
Forelesar Veslemøy Fluge Berg 
 
Veslemøy Fluge Berg er utdanna ved Griegakademiet i Bergen. Der fullførde ho sin mastergrad høsten 2006. Ho er ei av landets mest etterspurde sopranar. Når ho besøkjer Arna Senioruniversitet vil ho syngja og kåsera over kjende og kjære sangar og musikkstykkjer. 

Tysdag 7.junii: 
Tema Senioruniversitetet på utflukt
Avreise Arna Terminal kl 10.00 med retur ca kl 17.00 
Turen vil gå til Stalheim Hotel via eit stopp på Voss. 
Eige program for turen vil fylgja med informasjon om program og pris.


 

 

Lest 11249 ganger Sist redigert mandag, 04 juli 2011 19:02

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 17th. Designet av Ornell data