Feil
  • JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 73
mandag, 06 desember 2010 18:13

Semesterplan 2010 høst

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Styret oppmodar medlemene å koma med framlegg til emne og forelesarar til senioruniversitetet.

Ein møteplass for tanke og trivnad!

Semesterplan 2.halvår 2010
Forelesningane er opne for alle.

Tysdag 7.september:

Tema: Vi besøker Espeland Fangeleir -einaste bevarte i Europa"?"

Forelesarar Erling Mjelde og Kåre Unneland m.fl

Møtestad Espeland Fangeleir

Tid   11.00-13.00

Vi besøker Espeland Fangeleir kor vi får ei orientering om leiren som frå 1942 førstfungerte som ein fangeleir der okkupasjonsmakta plasserte sine motstandarar. Etter krigsoppgjæret blei leiren brukt av norske myndigheiter. Espeland Fangeleir ble avvikla i 1952 men er fortsatt intakt. Espeland Fangeleir er blitt eit spanande og unikt museum i norsk samanheng - og kanskje også sett i eit internasjonalt perspektiv.

Tysdag 5.oktober

Tema: ”På godfot med seg sjølv – som utgangspunkt for trivsel  og kvardagsmotivasjon” !

-Eit inspirasjons- og motivasjonsforedrag om ”menneskekunnskap”; om kordan vi blir bedre på sjølvleing

og flinkare til å "produsera” gode følelsar !

Forelesar Trond Haukedal

Møtestad       Ljoshall

Tid  11.00 -13.00

Trond E. Haukedal er psykologen som gjekk sine eigne vegar – og blei ein av landets leiande kurshaldarar, foredragshaldarar og motivator. Han er 52 år, vart ferdig psykolog på Universitetet i Bergen i 1985. Via arbeid i psykiatrien blei han senterleder i Knarvik Senter, deretter senterleder i Oasen – før han endte som annonsesjef i Bergens Tidende. Han starta Bergen Kompetanseutvikling AS i 1994. Sidan har han reist landet rundt og inspirert, motivert og bevisstgjort leiarar, medarbeidarar og mennesker på alle nivåer i norsk arbeids- og samfunnsliv.Han er full av energi, ”folkelig”, bruker humor bevisst, er konkret og er på mange måtar ein ”storyteller”. Han gjær ”fagstoff” forståelig og tilgjengelig.  Confex Norge – landets største kurs-/konferansearrangør kåra han til årets kurshaldar i Norge i 2001. Dei kåra han og til ”Årets Foredragshaldar i Norge i 2009”. I november 2009 kom Trond ut med si første bok – ”Solstråleboken”.

 

Tysdag 19.oktober:

Tema ”Arbeidet med Nobels fredspris for fred i verda”

Forelesar Professor Dr.med Ole Danbolt Mjøs

Møtestad Ljoshall

Tid   11.00-13.00

Ole Danbolt Mjøs blei født i Bergen i 1939. Han er Professor dr.med. ved Universitetet i Tromsø, kor han og var rektor frå 1985 og fram til 1995. Bakgrunnen for foredraget han held på senioruniversitetet denne tysdagen er nok i hovudsak henta frå åra han var leiar i Den Norske Nobelkomiteen. Her vil han ta oss med i ei skildring av arbeidet for fred i verda, samt historier om vinnarar av Nobel Fredspris.

 

Tysdag 9.november:

Tema ”Aldring og sykdom på eldre dager”

Forelesar Synnøve Grønn.

Møtestad Ljoshall

Tid      11.00 -13.00

Synnøve Grønn er 68 år. Pensjonist. Spesialist i allmennmedisin og med særinteresse eldremedisin og eldreomsorg. Overlege i Olaviken alderspsykiatriske sjukehus og sjukeheim i Bergen.  Helsesjef i Ytrebygda bydel 1989 -1994. Før dette  privat allmennpraksis i Blomsterdalen i mange år.

 

Tysdag 7.desember:

Tema "Undrer meg på hva jeg får å se, -en reise i Bjørnsons lyrikk"

Forelesar        Jakob Ågotnes

Møtestad         Ljoshall

Tid       11.00-13.00

Jakob Ågotnes er frå Ågotnes i Fjell, cand.philol. med hovudfag i norsk, konservator på Maihaugen frå 1974-1996 med spesielt ansvar for Aulestad, Karoline og Bjørnstjerne Bjørnsons heim. Budde i Drengestua på Aulestad.  Han har halde ei rekkje foredrag, kåseri om forfattaren opp gjennom åra og har skrive årboksartiklar samt to bøker: Aulestad, 1992, Til bords med Bjørnson,1996.Ågotnes vil i foredraget snakka om lyrikaren Bjørnstjerne Bjørnson, somhan meiner er det beste Bjørnson har skrive forutan bondefortellingane.

 

Semesteravgift i Arna Senioruniversitet 2010 er Kr. 250,- som inkluderer forelesninger og servering.

For ikkje-medlemer kostar kvar forelesning kr. 80,-, som inkluderer servering

Kontonummer for semesteravgift: 3624 28 73739

 

Føremål
Arna Senioruniversitet er ein ideell organisasjon, stifta av Arna Frivilligsentral. Arna Senioruniversitet er organisert som ei sjølvstendig eining med eige styre og økonomi. Senioruniversitet er basert på  individuelt medlemskap. Gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ønskjer ein å setje seg inn i utvalde fag og emne - utan å sikte mot formell kompetanse

Lest 11289 ganger Sist redigert mandag, 04 juli 2011 19:02

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 16th. Designet av Ornell data