torsdag, 16 august 2018 11:44

Program for Arna Senioruniversitetet, hausten 2018

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Semesterplan 2. halvår 2018

 

Tysdag 21. august
Tema               Friluftsliv i det moderne samfunn
Førelesar        Åge Landro                            

Møtestad         Ljoshall           Tid       11.00 -13.00

Åge Landro er leiar i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og vil gje oss eit innblikk i arbeidet som friluftsrådet driv.
Viktige oppgåver er å sikra nye friluftsområde, legga til rette for aktivitet samt å drifta områda; rydde vegetasjon, fjerne uønska plantar, klippe plenar, grøfte, mure, reinhalde og vedlikehalde sanitæranlegg, reparere stupebrett med meir.
Dei har også laga flotte kart over friluftsområde, med merking av turløyper og turmål.
BOF spelar ein viktig rolle i arbeidet mot marin forsøpling og Hold Norge Rent har utpeika Hordaland som Norges beste strandryddefylke.

Etter pausen vert det underhaldning av Arnavågen vass- og sollaugarlaug som i ord og tonar vil dela åtte års erfaringar frå organisert badeliv utanfor høgsesongen på ei offentleg strand i Arnavågen.

 

Tysdag 11. september

Tema          Ingen er bare det du ser

Førelesar    Thor Brekkeflat  

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

Thor Brekkeflat har eit langt og spanande yrkesliv som prest/gateprest i bymisjonen, men og frå arbeid i media, politikk og internasjonale oppdrag innafor bistand. 
I foredraget vil han formidla at vi er menneske i møte med andre menneske uansett kven vi er og kvar vi arbeider. Han vil snakka om verdiar og menneskesyn, om kommunikasjon og mellommenneskelege forhold.

Tysdag 2. oktober      

Tema               Om Uni Research og forskingsområdet Klimaservice

Førelesarar    Aina Margrethe Berg og Mathew Stiller-Reeve

Møtestad          Ljoshall                       Tid       11.00 -13.00

Aina Margrethe Berg er oppvaksen og busett i Arna. Aina er utdanna ved UiB med doktorgrad i matematikk. Ho har etterkvart lang erfaring både som forskar og leiar i instituttsektoren. Frå 2013 som adm. dir. i Uni Research AS som har omlag 430 tilsette og driv forsking innan helse, miljø, bioteknologi, klima, energi og samfunn.

Klimaforskar Mathew Stiller-Reeve er fødd i England, men no busett på Valestrand med kone og barn. Mathew har jobba i fleire internasjonale prosjekt med særleg fokus på monsunen i Bangladesh. No fokuserer han på korleis klimaendring kan påverka Norge. Han samarbeider med kommunar, og andre offentlege etatar for å finne gode løysingar til lokal klimatilpasning.

Aina vil innleiingsvis sei litt om breidda i forskinga til Uni Research. Deretter vil dei i fellesskap forelesa om klimaforsking og klimaendringar, visa korleis klimamodellane fungerer, både globalt og regionalt. Kva kan me venta oss av klimaendringar i vår region?

Tysdag 6. november

Tema               Bagasjen frå Arna som alltid hjelper.

Førelesar        Ove Mellingen

Møtestad        Ljoshall                       Tid     11.00 – 13.00

Ove Mellingen er fødd i Bergen i 1964.

Han vaks opp på Lone.

16 år gamal starta han som typograflærling i Bergmanns boktrykker i heimbyen.

I 1985 vart han tilsett som desktypograf i BA, og vart utviklingssjef i Telemarksavisa i 1993. I 4 år pendla han mellom Lone og Skien. I 1998 vart han sjefsredaktør i same avisa, og har framleis denne stillinga.

Ove er ein kar med glimt i auga og slåande kommentarar.

Han besøker gjerne gamle trakter og minnes barndomen rundt Haukelandsvatnet og Gamleskulen på Lone.

Tysdag 4. desember

Tema         Kjærleiken til gamle hus og sherpaene hans frå Nepal

Førelesar Geirr Vetti

Møtestad Ljoshall                       Tid 11.00 – 13.00

Geirr Vetti utdanna seg til møbelsnikkar på Arna yrkesskule, men er nok mest kjent som fjellbonden som kallar seg «husdoktor», og som har henta sherpaer frå Nepal til å hjelpa seg. Vetti starta med å kjøpa fjellgarden Skåri i Luster for å restaurera han. Han innsåg fort at her trong han arbeidshjelp, og henta då sherpaer frå Nepal, ei uvanleg sterk folkegruppe. Sherpaene har seinare vore med på mange andre oppdrag i Norge. For arbeidet sitt har Geirr Vetti fått mange prisar.

 

Vel møtt på møteplassen for tanke og trivnad!

Lest 50 ganger Sist redigert torsdag, 16 august 2018 11:50
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 23rd. Designet av Ornell data