tirsdag, 02 januar 2018 10:58

Vårsemesteret 2018

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Program vår 2018

Semesterplan 1. halvår 2018

Tysdag 9.januar

Tema   Tema Mennesket og mikrobene

Førelesar        Elling Ulvestad          

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00


Elling Ulvestad er professor ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Han er spesialist i immunologi og transfusjonsmedisin og har doktorgrad på immunaktivitet i hjernen. Gjennom heile karrieren har han arbeidd med utfordringar knytt til korleis mennesket sitt immunsystem vernar mot smittestoffa. Etter kvart har han blitt like interessert i korleis mikrobane bidreg til å halde oss friske, og kor viktig det er at mennesket tek vare på mangfaldet i naturen – også det mikrobielle mangfaldet. Ulvestad ga i 2015 ut boka Mennesket og mikrobene på Universitetsforlaget, og mykje av innhaldet i forelesinga vil vere å finne i denne boka. Han vil kome inn på økologiske tilhøve vel så mykje som medisinske. Ulvestad har budd i Indre Arna dei siste 30 åra

 

Tysdag 6. februar

Tema           Marin ureining

Fø           Førelesar    Inger-Lise Skarstein       

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

Inger-Lise Skarstein vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 1977 og vart mellom anna første varapresident i Odelstinget frå 1981 til 1985. Ho var og styreleiar i stiftinga Norsk Kulturarv i nærare 7 år.

Inger-Lise har og hatt ei rekkje andre verv, som t.d. styremedlem i landsstyret i Norsk Naturvernforbund og medlem i hovedstyret i Fortidsminneforeningen.

I 1998 fekk ho Kongens Fortenestemedalje i gull for arbeid for friluft, naturvern og kultur. I 1959 vart ho den første kanalverten i NRK TV, då var namnet hennar Inger-Lise Haug, for dei som er vaksne nok til å hugse det

Tysdag 6. mars           Årsmøte med føredrag

   Tema          Gamlingar løner seg ikkje

Førelesar     Asbjørn Kristoffersen

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.30

Det vert med dette kunngjort at årsmøte i Arna Senioruniversitet vert halde tysdag 6. mars kl. 11 i Ljoshall.
Vanlege årsmøtesaker og val.
Saker til årsmøtet må være styret i hende seinast 13. Februar 2018. Sakspapir får ein ved å henvende seg til Arna Frivilligsentral på tlefon 55243810 eller post@arna.frivilligsentral.no

Etter årsmøtet vert det føredrag med Asbjørn Kristoffersen.

Asbjørn Kristoffersen begynte som journalist i BT i 1974. Han er fiskarsonen frå Misje på Sotra, som aldri har gløymt kvar han kjem frå. Alt som ung begynte han å skriva om gamlingar, og det var det ikkje så mange andre som gjorde. Han ville vera ei motstemme, vera skeptisk til alt som var populært, få fram meir mangfald, i dag er folk for like. Etter at han fylte 67 år har han hatt sommarjobb som kommentator i BT.

 

Tysdag 10. april

Tema         Opp for Arna

Førelesar  Bjørn Sundland

Møtestad  Ljoshall                        Tid            11.00 – 13.00

 

Bjørn Sundland er ekte Arnagut, oppvaksen og busett på Unneland. Bjørn er utdanna ingeniør ved Høgskolen i Bergen. Han har etterkvart lang praksis innanfor olje og gassrelatert verksemd. Etter å ha arbeidd til saman nesten 7 år i Smedvig AS, Statoil Mongstad og Framo Engineering var han tilsett i StatoilHydro, seinare Statoil i 10 år. Dei siste 3 åra har han vore produksjons- og driftssjef i Gasnor. Bjørn er oppteken av lokalmiljøet i Arna. Mest kjent er han for engasjementet sitt mot etablering av godsterminal på Unneland. Vidare driv han saman med kona Siren og lokale eldsjeler familiefestivalen «Låveleik». Han er og gjesteskribent i Bygdanytt. Høyr kva tankar Bjørn har om framtida for Arna.


Tysdag 8. mai

Tema         Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Førelesar  Oddgeir Bruaset

Møtestad  Ljoshall                       Tid  11.00 – 13.00

Oddgeir Bruaset er utdanna lærar ved Volda lærarskule med tilleggsutdanning i grunnfag, historie og norsk ved Universitetet i Bergen. Han har undervist i realskulen, ungdomsskulen og gymnaset. Bruaset har vore journalist, programleiar og forfattar. I 43 år har han arbeidd i NRK, 30 av desse åra  i fjernsynet. Mest kjent er han for produksjonen av den folkekjære serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Oddgeir Bruaset har skrive bortimot 30 faglitterære bøker, dei fleste av kulturhistorisk karakter. Han er ein populær og mykje brukt føredragshaldar.

 

Tysdag 5. juni vert det busstur til Sotra.

 Me kjem attende til program for dagen når det nærmar seg.

Lest 450 ganger Sist redigert mandag, 22 januar 2018 13:05
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 15th. Designet av Ornell data