mandag, 04 mai 2015 00:00

Semesterplan Haust 2015

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(7 Stemmer)

 

Semesterplan 2. Halvår 2015

  

    Tysdag 25.august

    Tema          Medieverda i endring

    Førelesar    Kjartan Rødland

    Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00

 

 

Pressemann og forfattar. Han har arbeidd i aviser både i nord og sør, frå Bodø til Kristiansand og var i ni år sjefsredaktør i Bergens Tidende. Han var og infosjef i Bergen kommune 1972-77, spesialrådgjevar for Universitetet i Bergen 1988-89 og informasjonsdirektør i Oslo kommune 19190-91. Han var og særs framsynt då han utvikla lokal tv i regi av Bergens Tidende.  Rødland er og ein særs produktiv forfattar ,med ei rad bøker som han har gitt ut, med vidtfavnande emne, frå ”Vegar i Hordaland” via ”Skuleskipet Statsraad Lemkuhl” til pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen.

 

    Tysdag 15.september

    Tema          Refleksjonar etter valget

    Førelesar    Frank Aarebrot

    Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

 

 

 

Den kjende valforskaren Frank Aarebrot vitjar Arna Senioruniversitet med eit føredrag der han vil koma med nokon dagsaktuelle betraktningar knytt til valet som vert avhaldet dagen før.

 

    Tysdag 6.oktober

    Tema          Sjef i eige liv

    Førelesar    Ingvard Wilhelmsen

    Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.00

 

 

 

Ingvard Wilhelmsen er lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Sidan 1995 har han drive landes einaste klinikk for hypokondere. I foredraget snakkar han, mellom anna, om det er nokon som skal være sjef i ditt liv, må det være deg sjølv. Forutsetningane for å utøva denne leiarrolla på ein god måte, er at dine haldningar til dei grunnleggande tema i livet er på plass.

  

    Tysdag 3.november   

    Tema          Russland og Ukraina

    Førelesar    Terje Knutsen

    Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00-13.00

 

 

Terje Knutsen er førsteamanuensis ved institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Eit av hans spesialfelt er  demokrati og demokratisering, med hovudvekt på Øst-Europa. I foredraget vil han spesielt omtale situasjonen mellom Russland og Ukraina.

 

    Tysdag 1.desember

    Tema          Kva ventar vi på?

    Førelesar    Kristoffer Foldøy

    Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

 

 

 

Kristoffer Foldøy kjem frå Valestrand på Osterøy.

Han har tidligare motteke Kulturprisen for Osterøy for sitt store og omfattande engasjement for kulturlivet på Osterøy.

På denne forelesinga som er den årlege juleavslutninga i Arna Senioruniversitet, vil Foldøy snakka om ventetida vi er inne i før jul.


Lest 5079 ganger Sist redigert mandag, 04 mai 2015 14:59
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Wednesday the 16th. Designet av Ornell data