Utskrift

Kronologisk Aktivitetsplan - HORDALAND

Event 

Title:
Del 1. Villmarksambassadør Jimmy Øvredal: Endringar i vårorkesteret
When:
03.10.2011 - 03.10.2011
Where:
Kløvertun - OS
Category:
Os

Description

Måndag 3. oktober

Tema 1          Endringar i vårorkesteret
Forelesar       Villmarksambassadør Jimmy Øvredal

T
ema 2          Natur i tiden
Forelesarar   Fotografane Liv-Randi Lind og Odmund Lunde

Møtestad      Kløvertun
Tid                11.00 - 13.00
Jimmy Øvredal kallar seg i vår samanhang "villmarksambassadør", og når han skriv dikt i kanselistil er han "Vildmarkens Søn". Begge titlane høver, for få har meir inngåande kunnskap om naturen og dyreliv generelt, og i Os spesielt. Men hovudinteressa hans har alltid vore fuglar; dei har han studert sidan han var liten, og han har ringmerkt fuglar i 51 år. Han kjenner altså "vårorkesteret" ut og inn, og veit kva for fuglar som er borte og kvifor, kva for nokre som overraskande har kome att, og prognosane som ekspertane har laga, men som fuglane ikkje alltid følgjer. Vi ser fram til ei serdeles levande skildring.

Liv-Randi Lind kjem frå Vesterålen, men har budd heile sitt vaksne liv på vestlandet.Ho er ein allsidig og aktiv fotograf innafor natur og reportasje. I Nordic Nature Photo Contest 2011 vart ho ein av dei premierte fotografane i kategorien "Nærbilde" med bilete "Hoggorm sluker frosk". Oddmund Lunde har i ei årrekje vore knytta til Dagbladet sitt bergenskontor som reportasjefotograf  innan mellom anna nyhende, kultur og sport. I tillegg er han ein ivrig naturfotograf. Begge jobbar i dag som frilansarar. I deira foredrag "Natur i tiden" vil dei gjenom fotografering av landskap, fuglar, dyr, osb, vise naturen sitt mangfald mellom anna i samband med økoturisme og vår bruk av naturen. Foredraget sluttar med vakre bilete m/musikk.

Venue

Lokale:
Kløvertun   -   Website
Street:
Landboden 45
ZIP:
5200
City:
OS
Country:
Country: no

Description

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Friday the 17th. Designet av Ornell data