Utskrift

Kronologisk Aktivitetsplan - HORDALAND

Event 

Title:
«MIGRASONG-tonane dei bar med seg over havet.» Reidun Horvei m.fl.
When:
11.09.2018
Where:
Sotra Arena - Straume
Category:
Øygarden og Sotra

Description

11. september, SotraArena kl. 12:

MIGRASONG-tonane dei bar med seg over havet. Reidun Horvei m.fl.

- Gjennom musikk, forteljing og biletspel ønskjer me å gje innsikt og formidla ein viktig og lite påakta del av historia 
om emigrasjon frå Noreg for 150 år sidan, seier fylkesmusikar Reidun Horvei
.

OM FRAMSYNINGA
Framsyninga «Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er samansett på grunnlag av eit stort historisk materiale.
Me fylgjer den 16-årige Olina og den 17-årige Ananias si reise til Amerika på slutten av 1800 talet. 
Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika. 
Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingen ting og for mange var songen og musikken det kjæraste dei hadde. Nordmenn slo seg ned i einsemda på prærien eller flokka seg i små lokalsamfunn. Dei hegna om språket og eigne levemåtar, dei slapp ikkje taket i sin eigen kultur. Dei heldt saman. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar.


MUSIKKEN
Musikken i framsyninga er bygd på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå heimlandet og dei nye songane som oppstod og vart skrive der dei kom. Tekstane var fulle av lengt og draumar om det livet som var levd og det som fanst i fantasien om deira nye tilværet. «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» skildrar eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, 
farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. 
«Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er vel ein times musikk- og forteljarprogram framført av songaren Reidun Horvei som også har skrive denne framsyninga. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove har laga arrangementa og akkompagnerer henne. Den visuelle klangbotnen vert eit biletspel prosjektert som ein bakgrunn og vil fungera som ei fordjuping av utvandrarane sitt levevis og er integrert med scenebiletet og går i dialog med spelet på scenen. 
Bileta er tilrettelagt av Steffen Andrè Hagen, og Tore Nysæther har regien. 
Framsyninga er tinga av MuHo, Museumssenteret i Hordaland, og Hordaland fylkeskommune er glade for også å kunne syna fram denne «konserten» for mange kommunar i Hordaland.

MEDVERKANDE

   Reidun Horvei 2               

 Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans songar og kvedar. Ho har hatt konsert- turnear over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane både innan klassisk musikk, ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen og har turnert og medverka under festivalar i Europa, USA og Midtausten. Reidun Horvei har sidan 1992 vore fylkesmusikar i Hordaland og sett saman fleire historiske framsyningar.

 Øyvind Lyslo

Øyvind Lyslo er gitarist, komponist, arrangør og produsent. Lyslo vart nominert til Spelemannsprisen for CD-en «Syngande strenger», og har medverka på mange CD-innspelingar. Han har hatt ei rekkje konsertar i Europa, men også i Venezuela, Japan og Øst-Timor. Han samarbeider med musikarar innan ei rekkje sjangrar som Arne M. Sølvberg og Reidun Horvei, og er også medlem av Den Norske Gitartrio saman med Njål Vindenes og Egil Haugland. Lyslo er tilsett som fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane, i tillegg til å vere frilansmusikar og gitarpedagog.

Per Inge Hove

Per Inge Hove arbeidar som kantor på Osterøy, frilansmusikar og komponist og arbeider innan eit breitt spekter av sjangrar. Han er utdanna frå Griegakademiet, Bergen, der han mellom anna studerte kyrkjemusikk og komposisjon med fordjuping i improvisasjon og tradisjonsmusikk. Per Inge har komponert mykje musikk og arbeidd med eletroakustisk musikk og rekomposisjon. Han har i mange år vore aktiv som musikkprodusent, konsulent og konsertarrangør. I 2017 var han kurator for musikk og scenekunst i høve Reformasjonsjubileet i Bergen 2017 og er i dag kantor i Fana kyrkje.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. 


HORDALAND FYLKESKOMMUNE, 
Agnes Mowinckels gate 5 
Postboks 7900 5020 Bergen 
Telefon: 55 23 90 00 
E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no

 

Venue

Map
Map
Lokale:
Sotra Arena
Street:
Idrettsvegen 20
ZIP:
5353
City:
Straume
Country:
Country: no

Description

Sorry, no description available
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Tuesday the 16th. Designet av Ornell data