Utskrift

Kronologisk Aktivitetsplan - HORDALAND

Event 

Title:
«Om revyartisten, trubaduren, felespelaren og komponisten Ivar Medaas.» Jan Spurkeland.
When:
09.04.2018
Where:
Oseana Kunst og kultursenter - OS
Category:
Os

Description

Måndag 9. april kl. 11.00–13.00

Jan Spurkeland: Om revyartisten, trubaduren, felespelaren og komponisten Ivar Medaas

Ivar Medaas ville ha fylt 80 år i 2018. Jan Spurkeland fortel om Ivar Medaas og haustar frå hans rike repertoar.

Ivar Medaas (1938-2005) var ein folkekjær kunstar. Mange hugsar han best som visesongar – åleine eller saman med kona Kari i Vestlandsduoen. Han gjorde braksuksess som revyartist og moromann; han hadde ei makelaus evne til å få kontakt med publikum. Han var ein resar på hardingfele; han gjorde endå til furore med felespel på Chat Noir i Oslo. Ivar Medaas var også ein gåverik komponist. Dar kjem dampen er ei av dei vakraste perlene i den norske viseskattkista. Mora Jenny Røttingen er fødd og oppvaksen i Os, og var ei viktig inspirasjonskjelde for Ivar. Ho og ektemannen Nils flytta til Alver då dei vart gifte.

Jan Spurkeland er heimehøyrande i Lindås og er ein kjend visesongar og forfattar av morosame bøker. Dessutan har han skrive bøker og halde kurs om leiarskap. På femtitalet spelte Jan Spurkeland til dans saman med Ivar Medaas i gruppa Trio Intim. I 2000 gav Spurkeland ut boka Ivar Medaas – gjøglar og felespelar.

 

Venue

Lokale:
Oseana Kunst og kultursenter   -   Website
Street:
Mobergsbakken 20
ZIP:
5200
City:
OS
Country:
Country: no

Description

Sorry, no description available
ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Thursday the 16th. Designet av Ornell data