Utskrift

Kronologisk Aktivitetsplan - HORDALAND

Event 

Title:
«Flyhistorie frå Flatøy like etter krigen» Helge Thorsen
When:
29.08.2017
Where:
Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim - ISDALSTØ
Category:
Nordhordaland

Description

29. aug  Flyhistorie frå Flatøy like etter krigen

Historien om Flatøy flystasjon ved Helge Thorsen   

 

Flyhistorie frå Nordhordland.

I år er det 100 år sidan Forsvarsdepartementet gjorde vedtak om at det skulle etablerast ein militær sjøflyhamn på Flatøy. Ein periode var Flatøy hovudbase for Forsvaret sine sjøflyaktiviteter på Vestlandet. 29. august kjem tidlegare rådmann i Meland, Helge Thorsen til Senioruniversitetet og fortel om luftfartshistoria i frå Nordhordland. 

 Flatøy sjøflyhavn

(Bilete er utlånt frå Helge Thorsen)

Helge Thorsen sit på mykje dokumentasjon frå denne tida, som er borte frå dei offisielle arkiva.  I 1920  etablerte næringsdrivande i Bergen eit nytt flyselskap med base på Flatøy. Dei etablerte den første kommersielle flyruta i Noreg. Den gjekk mellom Flatøy, Bergen, Haugesund og Stavanger. Den kjende fly-pioneren Hjalmar Riiser Larsen var stasjonssjefen på Flatøy i denne tida. Denne ruta varte berre ei kort tid. I 1946 tok flygaren Thor Solberg over anlegget på Flatøy og dreiv flyskule og monteringsverkstad, hadde ambulanseoppdrag og dreiv med passasjer- og varetransport. Han ga opp aktivitetane i 1948.

 

Forelesingane startar til vanleg kl 12 og varer om lag til kl 14 medreikna kaffiøkt.

Møtestad er Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim

Sjå heimeside og lokalavisane for nærare informasjon.

 
 

Semesteravgift kr. 200,-

Inngangspengar: kr. 80,- pr møte for ikkje-medlemar

 

    

 

Venue

Lokale:
Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim   -   Website
Street:
Kvernhusmyrane 41
ZIP:
5914
City:
ISDALSTØ
Country:
Country: no

Description

Knarvik sjukeheim

Knarvik sjukeheim ligg sentralt plassert i Knarvik. Sjukeheimen vart bygd i 1974. Den vart seinare ombygd og utvida, og vart tatt i bruk i desember 2005.

ul.k2UserBlockActions { display: none; }
Sunday the 20th. Designet av Ornell data